Sjå TempomagasinaBilde av Merete Vårvik Matre og Nils Einar Steinstø
Merete Vårvik Matre, Dagleg leiar i Medvind Næringshage og Nils Einar Steinstø, Dagleg leiar i Fikse Næringsforening er klar for lokal variant av sommarjobb-prosjekt.

Sommarjobb satsing

Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening inviterer bedrifter i Etne og Vindafjord til å bli med på sommarjobb-rekruttering for å synleggjera og skapa blest rundt lokale kompetansarbeidsplasse

Inspirerte av Sildicon Valley-satsinga på Haugalandet i fjor, har Vindafjord Arbeidsgiverforening (VAF) engasjert dei to næringsaktørane for å bygga opp eit eige program for bedriftene lokalt som skal starta opp allereie sommaren 2021.

Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening inviterer bedrifter i Etne og Vindafjord til å bli med på sommarjobb-rekruttering for å synleggjera og skapa blest rundt lokale kompetansarbeidsplasser.

– Målet er å visa fram Vindafjord og Etne som både ein attraktiv plass å jobba og bu. Me har bedrifter som konkurrerer og leverer på skyhøgt nivå både nasjonalt og internasjonalt. Bygd opp av lokale gründarar og eigarar, og drive vidare i samarbeid med flinke hender og hovud. Den breidden og det nivået me kan tilby av arbeidsplassar i Vindafjord er heilt unikt, og nettopp dette vil me løfta fram i sommarjobb-prosjektet, seier Merete Vårvik Matre, Dagleg leiar i Medvind Næringshage. 

Det kortsiktige målet med sommarjobb-prosjektet er å hente inn kompetent og relevant arbeidskraft til lokale arbeidsplasser. I denne runden er det studentar på bachelor- og masternivå som er målgruppa for prosjektet.

Næringslivet i Etne og Vindafjord kan skilta med kompetansearbeidsplasser og ei årleg verdiskaping på meir enn 5 milliardar årleg. Samstundes er det for mange studentar, som både er frå distriktet og utanbygds, som ikkje er godt kjende med kva kompetansearbeidsplasser som er tilgjengeleg i Etne og Vindafjord kommune. Dette gjer og at det ikkje blir like naturleg å oppsøkja sommarjobbar som er relevante i forhold til studiene når ein reiser heim for å jobba i feriane, og då særskilt om sommaren.

– Det er eit behov for å synleggjera kva kompetansearbeidsplassar som fins lokalt og kva aktørar som tilbyr dette i Etne og Vindafjord, seier Nils Einar Steinstø, dagleg leiar i Fikse Næringsforening. Det som er viktig og som me ser etter er flinke hovud, studentar og arbeidssøkjande som er sjølvstendige og som likar å tenka utanom boksen. I tillegg bør dei vera flinke på å bygga nettverk.

Målet er å få med minst 10 større bedrifter og kommunane som til neste år vil stille med aktuelle kompetansearbeidsplasser for sommaren.

Dei bedriftene som deltek forpliktar seg til å stille med 1-5 sommarjobbar der studentane kan få relevant praksis knytta til utdanninga dei er i ferd med å ferdigstille.

Det langsiktige målet med prosjektet er at ein får knytta til seg kompetanse. Når kandidaten er ferdigutdanna og klar for å koma tilbake til lokalsamfunnet, så har ein allereie knytta kontakt til ei aktuell kompetansebedrift.  

Dei sosiale og økonomiske ringverknadane av rekruttering og lokal busetjing er store, understrekar Vårvik Matre. Det påverkar lokalmiljøet, oppveksttilboda og boligmarknaden, for å nemne noko.

Nils Einar understrekar at det for bedriftene er positivt at studentar får koma og bli kjent med dei slik at dei får gjera seg erfaringar og sjå potensiale i ein framtidig jobb. Mange har høve til å velge masteroppgåve-tematikk knytta til utfordringar og løysingar for den lokale bedrifta dei går inn i sommarjobb hjå.

For studentane vil det bli lagt opp til eit nettverk, der ein har sjans til å bli kjend med andre studentar som er del av programmet, fortel Steinstø. Det vil bli lokale samlingar og digitale samlingar, og det vil bli lagt vekt på å vera tett på – både studentane og bedriftene.

Planen er å starta opp sommaren 2021 og invitasjon blir sendt ut i næraste framtid.

Tekst
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Foto
Kristian Risanger
FAKTA

Eit sommarjobb-program i Vindafjord/Etne vil styrke rekrutteringa til lokale bedrifter, og auke attraktiviteten for studentar til å flytta tilbake til bygdene våre.

Med eit stort rekrutteringsbehov, framoverlente og attraktive bedrifter er grunnlag for å køyre eit eige sommarjobb-program lokalt.

Programmet vil vere eit samarbeid mellom VAF, Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening.

Les også:
Nav ikon
Alle saker