Sjå TempomagasinaLars Hovda ser over eit prosjekt saman med Ole Johnny Jensen.
Lars Hovda ser over eit prosjekt saman med Ole Johnny Jensen.

Mekanisk sjef med stø kurs

Sunnhordland Mek. Verksted (SMV) er ei av få bedrifter internasjonalt som leverer gule spesialkøyretøy. Lars Hovda er mest opptatt av å skape solide og attraktive jobbar lokalt.

– Det er berre fire bedrifter i verda som produserer det same som oss. Dei er i Holland, Italia og Tyskland, i tillegg til ei anna norsk bedrift, seier Lars Hovda og sveipar blikket over industriområdet Leknestangen i Skånevik.

Nyleg har SMV inngått avtalar om levering av køyretøy til Speira Karmøy, Hydro Aluminium Karmøy, og til Rio Tinto på Island.

– Det er tredje køyretøyet me leverer til denne kunden på Island, dei har mykje eigenprodusert kraft som dei nyttar til tre store smelteverk. Dei har vore ein viktig kunde for oss, seier Lars.

Han går ståltrappene i kontorbygget med raske steg. Med baseball-caps, grå v-genser og turbukse lyser det ikkje direktørstilling av 53-åringen. På kontoret i toppetasjen har han god utsikt over Skåneviksfjorden og fjella han er blitt så glad i dei siste åra.

– Å vere leiar i ei bedrift som stadig er i utvikling er krevjande, det er vel fire-fem år sidan eg forstod at skulle eg halde ut dette presset måtte kroppen vere i god form. Då byrja eg å gå i fjellet. Nokon utfordra meg med ei tid dei hadde klart å kome seg til topps på ein nut. Eg tenkte: «det skal eg klare å slå», seier han og ler medan han serverer kaffi i svarte koppar.

Å svinge seg innover den smale vegen til Skånevik kan minne om å køyre «dollarvegen» frå Ropeid til Sauda, også ein veg som ber fram til ei bygd innerst i ein fjord med skaparkraft og industri. Skånevik har i overkant av 500 innbyggarar, og store bedrifter som SMV, Knutsen Dørfabrikk, Funtek, Johansen Rør og Skånevik Fjordhotel. Vegg i vegg med hotellet er no bygda godt i gang med å finansiere eige utebasseng til eit budsjett på 12 millionar kroner. Dugnadsånda står framleis høgt i bygda.

– Det gjer den absolutt, og for oss som bedrift er det veldig viktig å kunne bidra. Me må dra lasset saman, men eg er nok ikkje den som bakar kaker eller er på måledugnad, eg treng timane her på jobb, seier Lars.

Kommunedirektør i Etne, Bjørn Tollefsen, har uttalt at SMV er ein godt bevart skatt i kommunen. Det ein skulle tru var ein mekanisk verkstad er så mykje meir enn det, det er ei teknologibedrift med høg kompetanse i alle ledd, meiner han. SMV omsette i 2020 for i overkant av 53 millionar, året ber likevel preg av den tøffe koronatida og resultatet vart 1,1 million i minus, mot eit overskot på over 4 millionar i 2019.

– Den siste tida har vore utfordrande, og litt uoversiktleg. Pandemien gav oss ein usikker marknad, og det blei stilt. Eg kjenner jo at me har vore litt restriktive med å hoppe på prosjekt som har store kostnadar. Me forstod alvoret då Noreg stengte ned, men me visste jo ikkje at det skulle pågå så lenge.

Dei tilsette fekk heimekontor, og permetteringar sto for døra. Lars sat på topp-kontoret kvar einaste dag og jobba med å få bedrifta framover, trass pandemien. Sjølv om tapet vart stort kom dei ikkje inn under dei statlege kompensasjonsordningane, dermed måtte dei stå på eigne bein.

– Me kapsla jo nesten bedrifta inn. Men eg såg jo at folk fungerte på heimekontor, dei produserte og dei var i kontakt med kundar. Den digitale utviklinga gjekk raskt, me vart gode på teams.

Bedrifta har 10 ingeniørar, i tillegg til produksjon av køyretøy i eigen verkstad. I 2008 kjøpte dei seg og inn i den mekaniske bedrifta MCE i Etne. Målet var å fase ut ein del av blant anna sveisearbeidet, slik at ein fekk nytta større del av lokala i Skånevik til montasje. Smelteverksindustrien har alltid vore ein av dei største kundane hjå SMV, no står også den framfor eit grønt skifte.

– No skal alle ha elektrifiserte maskinar i smelteverksindustrien, dette blir ei stor omstilling. Utfordringa er at dei skal tole sterk varme, og at dei skal klare seg gjennom fleire skift 365 dagar i året, fortel Lars.

SMV sin jobb er å finne gode løysingar der bedriftene ikkje har automatiske løysingar på plass, det betyr at ingeniørane stadig er i tenkeboksen for å utvikle nyskapande og miljøvennlege løysingar, ofte spesialtilpassa og skreddarsydde for kunden.

– Me må ha rom for å feile, får nokon ein god ide hjå oss og me vel å gå for den skal alle stå bak ideen. Ingen skal stå åleine om utviklinga her, seier Lars og snakkar seg varm om arbeidsgjengen som står på for at Skåneviks-bedrifta skal halde seg aktuell i den internasjonale konkurransen.

– Dei er dei viktigaste me har, og no er eg glad me kan treffast på jobb igjen. Den viktige praten over kaffikoppen og turen innom nabokontoret er veldig viktig, både sosialt og fagleg, slår han fast.

Rekruttering er og ei av dei største utfordringane framover. SMV er kjende for å satse på lærlingar, noko som også gav dei prisen som Årets lærebedrift i 2018. Dette året har dei inne fem lærlingar, som Lars meiner er eit glimrande grep for å sikre seg rekruttering av fagutdanna personell.

– Me bur jo i eit distrikt med eit imponerande næringsliv, så det er jo rift om dei flinkaste. Berre sjå til Autostore, Westcon, Ølen Betong eller Granberg. Det er mange bedrifter der dyktige gründerar står bak, seier Lars.

– Me var faktisk med i oppstarten til Autostore, me teikna den første gridden, produserte og monterte dei første 6–7 anlegga. Men på eit tidspunkt vart dei for store for oss, no produserer me serviceprodukt til dei, fortel han og viser til at dei stadig er på jakt etter både mekanikarar, elektrikarar og ingeniørar. Ved årsskiftet er målet at ein har fem nye tilsette på plass, i løpet av neste år bør det vere dobla.

– Når folk med lang fartstid sluttar så tenkjer eg at det kjem til å bli ei utfordring å erstatte dei, men så kjem det nye flinke folk med nye tankar. Det er alltid like rart korleis det dett på plass.

SMV vart stifta i 1958 av bestefar til Lars, Anders Hovda. Då var namnet Seimsfoss Mekaniske Verkstad. Etter etableringa i Skånevik i 1968 blei namnet endra til Sunnhordland Mek. Verkstad, og i 1980 var det far til Lars, Paul Hovda og broren Gudvin som overtok eigarskap og leiing i bedrifta. I dag er det Lars som styrer roret, også han har to brør med seg i bedrifta.

– Me har jo vakse opp med dette, me kunne merke om salet gjekk godt i praten rundt middagsbordet. Og eg starta tidleg å jobbe her, eg sopte spon under dreiebenken i gamleverkstaden og fekk nokre kroner for det.

– Bestefar Anders meinte det fanst to typar menneske, mekanikarar og dei andre. Den tekniske interessa er nok med vidare i generasjonane, meiner Lars som sjølv tok utdanning som maskiningeniør og i bedriftsøkonomi.

Den eldste av Lars sine tre barn jobbar i dag som elektroingeniør i SMV. Lars er likevel usikker på om han vil råde neste generasjon til å ta over, til det er businessen blitt for tøff og arbeidsdagane for krevjande.

– Om fem år håpar eg me blant anna har vore med og fornya parken med spesialkøyretøy og at ein har grøne køyretøy på mange verk. Min visjon er å skape ein trygg og interessant arbeidsplass, både for dei som er fagutdanna og dei som har høgare utdanning.

I 2001 hadde Lars besøk på kontoret av ein som selde utemøblar, tilfeldig kom praten inn på ein gard som denne seljaren visste var til sal i Latvia. Far til Lars gjekk forbi døra og overhøyrde praten, han snudde raskt og stakk hovudet inn døra. Det var starten på eit lite eventyr der Hovda-familien i saman med andre lokale fekk prøve seg som bønder i Latvia.

– Det var ikkje lenge etter denne dagen at handelen var i boks, og far var på veg til Latvia. Han hadde fine dagar på kontoret då og sakna nok andre utfordringar. Med seg fekk han lokale krefter som Martin Berge, ein svigerson og mine kameratar i aksjeklubben Opptur.

I Latvia venta eit bruk som sto til nedfall, dei tilsette hadde ei usikker framtid og bygningane var gamle. Då dei nett selde garden etter 20 år var det blitt eit mønsterbruk med 950 dyr, av desse var 465 mjølkekyr.

– Eg trur det seier noko om den drivkrafta som ligg hjå ein gründer, om at ein alltid ser at noko er mogleg sjølv om det i utgangspunktet kan høyrast ut som ein vill ide, seier Lars.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar
Foto
Judith Sørhus Litlehamar
FAKTA

Namn: Lars Hovda (53)

Aktuell: Dagleg leiar i SMV

Les: Det går mykje i aviser på nett, nyhende og næringslivstoff, elles likar eg godt å lese krim, helst i feriemodus.

Høyrer på: Mykje forskjellig, både nytt og gammalt, men likar spesielt godt rock’n’roll og blues frå 70-talet og utover, i tillegg til musikk som gjer at ein berre må ut og svinga seg.

Førebilete: Då må eg nesten nemna personar som har fått til noko ekstraordinært her lokalt, og då kjem me ikkje utanom Ingvar Hognaland, Jacob Hatteland og gjengen deira i Vats. I tillegg er dei som stiller opp for fellesskapen år etter år i bygdene flotte førebilete.

Les også:
Nav ikon
Alle saker