Sjå TempomagasinaSkånobrødet er ein av bestseljarane hjå Janne Larsen Sævareid på Larsen Bakeri.
Skånobrødet er ein av bestseljarane hjå Janne Larsen Sævareid på Larsen Bakeri.

Bakar mot straumen

Då Janne Larsen Sævareid (46) tok over Larsen Bakeri i Skånevik hadde ho ein visjon. Ho ville skape eit handverksbakeri der gjestene både kunne lukte nysteikte brød og sjå bakaren sjølv i arbeid.

– Eg jobbar faktisk for å vere liten. Det kan vere vanskeleg når det kjem spørsmål om eg ikkje kan starte utsal i ei anna bygd, sende brød med ferja eller kanskje opne avdeling på Stord? Det er mange bakeri som blir nedlagde, men eg har bestemt meg. Me skal vere eit lite og eksklusivt bakeri, folk må kome til Skånevik for å handle hjå oss, seier Janne Larsen Sævareid bestemt. Ho er femte generasjon bakar i bygda og kan sjå tilbake på 134 år med bakerihistorie.

Me må tilbake til året 2010. Janne Larsen Sævareid som har vakse opp på bakeriet i Skånevik har tatt utdanning som førskulelærar og har jobba 10 år i barnehage. Ho har nett fått jobb i skulen då telefonen frå faren kjem. Ragnvald Larsen er fjerde generasjon bakar i Skånevik, her dreiv han saman med kona Hildegunn som jobba i butikken. Gjennom heile oppveksten fortalde dei dottera Janne at ho slett ikkje måtte ta over etter dei, utdanning måtte ho bestemme heilt sjølv. Denne dagen i 2010 vil faren berre orienteredottera om at dei no hadde lyst til å selje bakeriet, kvardagen var blitt velkrevjande.

– Då vakna det noko i meg. Eg somheile tida hadde sagt at eg ikkje skulle ta over her, eg som ikkje eingong harvore interessert i å bake. Tanken på at bakeriet kunne forsvinne vart for tung,eg kontakta pappa og sa at eg ville søkje om permisjon eit år for å delta ibakeridrifta, viss dei berre kunne utsetje salet litt. Eg måtte vite meir omkva eg eventuelt takka nei til, seier Janne.

Det vart starten på ein seks år lang karriere som lærling i familiebedrifta. Læringskurva var bratt, og mange detaljer skulle på plass. Då Janne heiv seg inn i bakeridrifta fekk og foreldra ny giv til å prøve seg fleire år, men tala var ikkje gode og behovet for ei omlegging kom tydelegare fram.

– I 2016 overtok eg drifta, og saman med mor og far fann me ut at me måtte snu på drifta. Me valde å satse på eit mindre bakeri, der kundane må kome til oss for å kjøpe baksten vår. Det ser ut til at det var ein god ide, no er me og sertifisert som handverksbakeri, fortel den engasjerte bakaren.

12 år etter at telefonen frå faren kom er Janne framleis på bakeriet. No som eigar, dagleg leiar og bakar. Ho eltar på deigar, serverer kundar og nokre dagar set ho seg heime for å finne ro nok til kontorarbeid, planar og nye visjonar.

Bakeriet i Skånevik starta som bakeri og kolonialbutikk i 1888, og er eit av dei eldste i landet. Det var tippoldeforeldra til Janne, Jens og Olufine som starta opp bakeribedrifta. Bilete av oldeforeldra til Janne, Ragnvald og Audhild Larsen, tronar på skiltet som ynskjer velkommen inn døra på bakeriet. Under skiltet heng ein påskedekorasjon med påskeliljer og stemorsblomar. På mange måtar er ringen no slutta.

– Tippoldeforeldra mine starta opp eit lite handverksbakeri bak gjestgivaren i Skånevik. Her var det lite maskinar og mykje handverk. Dette minner godt om det bakeriet eg ynskjer å drive i dag.

– Bakeriet har faktisk flytta fire gonger, på 1970-talet bygde bestefar eit lite industribakeri. Då var tanken at bakeriet skulle bli stort med høg produksjon. Far min jobba i bakeriet, medan mor var i butikken. Dei hadde på det meste fem-seks bakarar i arbeid og rådde meg frå heile yrket, det var rett og slett for tøft, fortel Janne.

I dag er bakeriet i ferd med å bli kjent for handverkstradisjonar, lun og koseleg stemning og kort veg frå bakaren i arbeid og gjestene som nyt den smaksrike baksten. Janne har stor respekt for gode råvarer og at ekte bakst treng både tid og kjærleik for å vise seg frå si besteside. Bakeriet i Skånevik ligg midt i bygda som har nært opp til 1000 innbyggarar, men desto fleire hyttefolk, gjester og turistar er faste kundar.

– Handlegata vår er nesten som ein sørlandsidyll, mange blir overraska over kor mange småbutikkar me har, og kor fint det er her inne. Det er klart at ferja som kjem inn her er ei viktig ferdsleåre for oss, det hadde ikkje vore det same utan det, slår ho fast.

– Me har for få sitjeplassar, det viser seg spesielt når det er laurdag, sommar og høgtider som no i påska. Eg går svanger med nokre utbyggingsplanar for å få fleire plassar, men me får sjå korleis det går, seier ho.

Bakeriet sitt utstillingsvindauge er sosiale medium. På Facebook møter ein bilete av rustikk bakst servert på trefjøler, Janne sjølv som står med bakarforkledet rundt livet med ein storsekk med økologisk og steinmalt mjøl i armane. Alt i bakeriet blir baka frå botnen av. Framleis legg ho grovt mjøl i bløyt og set hev kvelden før. Det gir henne betre tid på morgonen, på formiddagen fram til 13-tida er det full produksjon i bakeriet.

– Den tida då eg som regel er åleine i bakeriet er ei veldig fin tid. Somme gonger er det ikkje alltid alt går etter planen, men det er det som er så fint med å vere bakar. Ein får alltid ein ny sjanse i morgon, seier Janne og ler.

Foreldra er framleis aktivt med i drifta, og i følgje Janne treng faren berre å kaste eit blikk i bakeriet for å sjå at noko ikkje er heilt som det skal.

– Har eg gløymt å ha salt i grovbrøda treng eg ikkje prøve å skjule det for han. Han har eit trent blikk for dette, og eg lærer stadig nye ting av han.

Janne og mannen Per Jarle Sævareid har to vaksne søner på 18 og 21 år. Kvardagen hennar handlar stort sett om bakeriet, om nye planar, produkt og utvikling. Ho veit at ho treng nokre kvileskjær for å finne rom til å tenkje lenger enn morgondagen, dei beste pustepausane finn ho på fjelltur. Aller best likar ho seg med fjellsko på beina og sekk på ryggen, då kan tankane og utfordringane få svive fritt.

– Det nyttar nesten ikkje å ha fri når ein er heime, då blir det lett til at eg tar ein tur innom bakeriet for å sjekke noko eller gjere noko. Det nyttar ikkje. Difor har me no kjøpt oss leilegheit i Vågslid, det er langt nok vekke til at eg og kan klare å ta fri.

Foreldra bur i etasjen over bakeriet, dei kjem ofte ned for å hjelpe til i nokre timar om gongen.

– Eg er heldig sidan dei kan jobbe i korte periodar når det trengs. Men ingen går på dugnad, det er viktig for meg, her skal alle ha lønn.

Bedrifta har fire tilsette, i sommarsesongen er dei oppe i åtte-ni, no er Janne og på leit etter ny lærling. Den førre ho hadde er i dag bakar i bedrifta.

– Det er ganske vanskeleg å få tak i lærling, sidan faget har hatt ein nedgang dei siste åra. Eg trur nok mykje av forklaringa ligg i tøffe arbeidstider og lønnsnivå på det. Men no meiner mange det kan bli eit oppsving, la oss håpe det.

– Ein av fordelane ein kan ha som lærling hjå meg sett opp mot eit industribakeri er jo at ein kjem tettare på sjølve bakeprosessen og ikkje minst kundane.

Kanelsnurr og kaneldrøm med egg er blant bolle-favorittane, saman med skuleboller. Solbrød er det nyaste brødet Larsen Bakeri tilbyr.

Bakeriet har det meste ein treng av både grovbakst, kaker og anna søtt. Medan bygdefolket helst er innom for å handle noko dei vil ta med seg til helgeturen eller kvardagsnista er situasjonen litt annleis for hytteturistane.

– Dei vil gjerne sitje her i kafeen og nyte maten. Dei kjem først tidleg på dag for å handle brød til frukosten på hytta, så kjem dei attende til lunsj for å ete på bakeriet, og gjerne få noko ekstra godt til kaffien.

Janne blir inspirert av andre bakeri ho fylgjer på sosiale medium, og ikkje minst av tilbakemeldingane ho får frå gjestene.

– Dette med å starte bedrift og vere bedriftsleiar er noko som ligg i meg frå før. Ein gong leika eg med tanken om å starte privatbarnehage her i Skånevik, det vart det aldri noko av men gleda over å skape ein arbeidsplass er den same. Likevel gjer eg ikkje dette for ein kvar pris, ein må ha såpass igjen for innsatsen at ein kan leve av det, seier ho.

– Ein av dei draumane eg ikkje har sett ut i livet er å ta inn skuleelevar her og la dei få oppleve bakeriet på nært hald. Det må eg få til ein gong.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar
Foto
Økland Foto
FAKTA

Namn: Janne Larsen Sævareid(46)

Bur: Skånevik

Aktuell: Driv Larsen Bakeri som nett fekk status som handverksbakeri.

Les: Krim. No har eg og oppdaga lydbok. Det er heilt fantastisk, då går til og med husarbeidet lett.

Høyrer på: På jobb går det i P1, ingen får lov til å skifte kanal der. Elles er eg glad i norsk musikk, og gjerne pop.

Førebilete: Mamma og pappa, dei er mine gode mentorar og førebilete, både privat og på jobb.

Les også:
Nav ikon
Alle saker