Sjå Tempomagasina

Per sine høner

Frå eigedomsprosjekt i hundremillionarsklassen til ein geitefjos på 28 kvadrat. Han har klekt ut mange planar, Per Berge. Og han er klar som eit egg for endå 30 år med tomte- og distriktsutvikling.

Han kan ikkje skuldast for å vera stillaus. Men stilen er hans heilt eigen, og han dyrkar den til fulle.

Det blir mumla noko om apekattar og austlendingar, «mehe», som ikkje skjønar vestlandsdialekt i det han skjenker kaffi ved kjøkenbordet.

Skjortesnippane heng særs avslappa på brystkassen. Knappane er knepte litt sånn etter kva knappehol som

høver seg. Den eine skjortekanten dinglar bedageleg utanfor bukselinninga, og den andre kanten er på veg utover sine breidder den også.  

Kleskode og etikette er ikkje så hytt. Verken når det gjeld tøy eller munntøy. Men det har på ingen måte stansa han i å bli ein av dei mest erfarne eigedomsutviklarane i distriktet. Tvert i mot. Det er Per Berge sin x-faktor, det.

– Eg skil meg kanskje litt ut, ja. Eg har jo ikkje fått «håve å hengja slips på».  Bryr meg lite om kva alle andre gjer og tenkjer, og er nå berre meg sjølv. Men eg har opplevd å få litt meir tillit når eg kjem som eg er. Det er måten å møta folk på, og kunnskapen ein har, som tel.

Og kunnskapen kan ingen ta han på. Han har vore pådrivar i utviklinga av meir enn 3000 hus, hytter og tomter, og vore ein nøkkelperson i eit av dei mest ekspansive byggefirma på Haugalandet.

Med barbeinte føter i heilårssandalar tuslar han med kaffikanna over kjøkkengolvet. Dei barbeinte føtene er visst heilårs dei også. Frå kjøkkenbordet har han utsikt rett heim til familiebedrifta Berge Sag, der han er femte  generasjon i leiinga.

– Om eg fer oppover eller må ta kjellartrappa når eg døyr, veit eg ikkje. Men eg veit at når eg først drar, så blir det frå Ølensvåg.

Punktum.

Frå kjøkkenvindauge kikkar han ned på det som kan bli hans neste bustad. Berge har planane klar for leilighetsbygg i den gamle «møllo» i Ølensvåg.

Men eigedomsutvikling er ikkje berre butikk for Berge. Tomter er også distriktsutvikling.

– Me må jo passa på at det er fleire andre enn oss innfødde indianarar som vil bu her i framtida. Eg har stor tru på distrikta framover, men det kjem ikkje av seg sjølv. Me er nøydde til å jobba mot sentraliseringa. Næringslivet her er positive til å arbeida lokalt. Har me ikkje idealismen og viljen til å bruka pengar her, vil det ikkje gå, meiner Berge, som sit i styra for både Etne og Vindafjord tomteselskap.

– Eg høyrer jo ofte kor heldig me er i Ølensvåg, med alle arbeidsplassar me har her. Men kjøss meg… Me må jammen meg kjempa den same harde kampen mot sentralisering her også. Eg er optimist, men samstundes realist, poengterer han.

For det går på ingen måte av seg sjølv. Det er både Per og fire Berge-generasjonar før han eit godt døme på.

Han hadde sin første arbeidsdag på Berge Sag som 12-åring i 1973. Etter skulegong i Ølen gjekk turen vidare til Kvitsund gymnas, ingeniørskule i Stavanger, økonomistudie i Kongsberg og maknadsføringsstudier i Oslo. Han er ikkje så oppteken av titlar, men har sjølv fleire: Husbyggingsingeniør, bedriftsøkonom og marknadsdiplomøkonom.

– Eg var heime kvar einaste helg i studietida. Då eg gjekk på Kvitsund hadde eg ikkje lappen, men haika med trailerar over Haukeli ein gong i månaden, så veit kva det er å frysa på tærne.

Med unntak av et par år som lastebilsjåfør har familiebedrifta vore einaste arbeidsstad.

– Eg starta som husseljar i Berge Sag i 1983 og dreiv på med allslags styr og ståk. Så blei eg litt sånn halvsjef utover 90-talet. Men eg passa jo på ingen måte til å driva med personalpolitikk, HMS, AMU og sånn… Det er jo viktig, men det ligg ikkje for meg. Eg må ha noko meir konkret å halda på med. Noko som gir framdrift. Nå er eg litt potet, og med «adle veier».

Tekst
Kari Aakra, Medvind24
Foto
Mikkel Meister
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker