Sjå Tempomagasina

Klar for garasje og spylarslange

Ei utlyst stilling på Westcon fekk siste brikka i puslespelet til å falle på plass då familien Åsbø Hundhammer flytta til Etne.

Familien Lasse Åsbø og Torunn Hundhammer og Åmund (2) flytta inn i ny romsleg bolig mest på toppen av det nye feltet, Fitja, i Etne i juni i år.

Dei har begge alltid sett for seg å flytte tilbake til distriktet, men spenninga er jo alltid stor for om ein kan få seg ein relevant jobb. For Lasse var det litt tilfeldig at han fann Westcon Yard si stillingsutlysing innan skipsreparasjon på finn.no då han var heimom i Etne på pappaperm.

– Ein er jo alltid usikker på om ein er relevant for ei stilling og om ein skal søkja, seier Lasse. Men ein må våga å tenka; dette fiksar du og drita litt i dei tankane og berre søkja.

Då han vart kalla inn til intervju av rekrutteringsbyrå såg han at det var ein sjanse. Etter å ha sjekka litt rundt og han fekk tilbodet om jobb hjå Westcon var han ikkje vanskeleg å be.

– Eg trivs godt og får brukt fleire sider av kompetansen min. Her er alt frå reparasjon til vedlikehald og ombygging av skip, fortel han.

Åmund (2) tar i mot oss i døra. Undrande på kven som kjem på visitt ein fredag ettermiddag, men det tek ikkje lang tid før smilet brer seg i andletet på sjarmøren. Det er helg og roen kan senke seg. Ein liten tur ut i grushaugen til gravemaskina, for fotografen si skuld må til.

– Han elskar å vera ute. Åmund er glad i store maskinar og likar å grava, smiler mamma Torunn. Og så er han ein liten entertainer, skal det raskt vise seg. Sjølv om tomta var på plass, starta dei ikkje med husbygginga før dei flytta til Etne våren 2019.

– Det vart ei heseblesande heimreis, smiler Torunn. Flyttelasset kom torsdagen og søndagen skulle vesle Åmund døypast. Men god hjelp frå familien gjorde sitt til at dagen blei fin trass i flyttesjauen. Dei flytta inn i huset der besteforeldra til Lasse budde før, i Sæbøbrekka. Der budde dei til dei flytta inn i det nye huset i juni i år.

Valet om tomt sto ei stund mellom Osnes og Fitja. Men ein god prosess der dei sparra og teikna saman med Anders Molland, som då jobba i Nordbohus, gjorde at valet fall på tomta med panoramautsikt over Etne. Her har dei og lett tilgang til sentrum og framtidige fritidsaktiviteter for Åmund.

– Men me hadde ikkje tatt høgde for den lange vegen opp til tomta, smiler Torunn.

Dei var kjøpar nummer to av tomtene som blei lagt ut av Tomteselskapet i Etne. Huset ligg mest på toppen av feltet, og sjølv om det er fleire hus rundt dei er det mest som dei ikkje merkar at dei har naboar, når dei sit i stova eller på kjøkenet. Der har dei ein utsikt over heile etnebygda og etnefjorden mange kan misunne dei.

Ønsket om å flytta heim forsterka seg då dei venta Åmund. Dei ønskte begge å kunne ha besteforeldre nærare, og Lasse, som sjølv vaks opp på Åsbø i Etne var klar for garasje, gardstun og eigen spylarslange. Torunn kjende på litt blanda kjensler då det gjekk opp for ho at dei nå skulle flytta frå Bergen. Ho treivst godt i byen, i miljøet og moglegheitene ein har der. Samstundes set ho pris på å ha fleire i familien tettare på. Fram til nå har det gått mykje i husbygging og dei gler seg begge til å engasjere seg meir i lokalsamfunnet og ta del i det som føregår.

– Dess lengre me bur her, dess meir får me augene opp for kva som skjer og kva me kan ta del i, seier Lasse.

– At me har eige bakeri er ein stor pluss, smiler dei. Og at det er mogleg å kunne handla barneklede og klede til oss sjølve lokalt er veldig bra. Torunn meiner ein får tak i det meste til jul lokalt og ikkje treng å reise til byen.

Medan Lasse har hatt Bergen som base for utdanning og yrkesmilitær sidan 2007 har Torunn studert i Stavanger. Det er fem år mellom dei og på Etnemarknaden i 2015 møttes dei for fyrste gong på eit vorspiel hjå Stian Åsheim.

– Alle var jo der, ler Torunn.

Og sidan dess har det vore dei. Torunn var då sjukepleiarstudent i Stavanger medan Lasse var yrkes-militær i Bergen. Etter endte studier søkte Torunn seg til Bergen, der ho fekk seg jobb i heimesjukepleien på Landås.

– Valet av utdanning innan helse og omsorg har eg vore sikker på heile vegen, og eg trivs godt i heimesjukepleien, fortel Torunn. Sidan ho var 17 har ho hatt jobb som helgevikar i Ølen.

– Eg har alltid vore trygg på at det ville vera jobb å få om eg skulle flytte tilbake.

Ho gjekk helse- og sosial på Ølen VGS, 2. året tok ho ambulansefag ved Sauda VGS. Etter det vart det påbygg for å kunne gå vidare på sjukepleiarstudiet. I heimesjukepleien får Torunn brukt mange sider av seg sjølv både som sjukepleiar og omsorgsperson. Ho meiner den største skilnaden ho opplever med heimesjukepleien i Bergen og Ølen er at familiane til bebuarane her er nærare og at mange ikkje er så aleine, som ho ofte opplevde i jobben i byen.

– Eg likar godt å jobba med eldre. Det brenn eg for, fortel Torunn.

– Ho er ein omsorgsperson, og passar til yrket sitt, skyt Lasse inn.

Lasse har tretten år med utdanning og yrkeserfaring frå militæret bak seg. Etter vidaregåande i Ølen søkte han seg inn på befalskulen i 2007. Sidan dess har han utdanna seg både som flyteknikar i luftforsvaret og fått opparbeida seg erfaring med internasjonale oppdrag. Frå 2012-2015 gjekk han sjøkrigsskulen og fekk utdanning som maskiningeniør i sjøforsvaret. Sistevalet var og med tanke på ein jobb i det sivile livet.

Bestemor Grete er innom ein svipp før ho vender nasa mot hytta på Vågslid. Det har blitt mange familieturar i fjellet oppigjennom. Lasse og Torunn er begge glade i fjellet, friluftslivet og jakt og den tida dei budde i Bergen blei det mest helgependling til Haukeli for å vera på hytta der.

– Me har hatt mange timar i fjellet og fått mange gode opplevingar saman i fjellheimen både haust og vinter, fortel dei. Våren i år vart amputert grunna korona, for dei som dei fleste hytteeigarar, då fjellet vart koronastengt. Torunn fortel at Lasse er ein ihuga jaktmann, og at ho ofte har vore med for å dela opplevinga. Men det var før vesle Åmund kom til verda. Nå håpar dei på ein fin vinter, slik at Åmund og kan få teste korleis det er å køyra i pulk.

– Det gjorde godt å få redusert køyreturen til fjells frå fire til to timar, smiler Torunn.

Haustmørket har senka seg ein fredagsettermiddag. Lasse sine smarthus-innstillingar har gitt oss både dempa belysning og varmande flammar i peisen. Minstemann i familien har dansa og er klar for finne puta. Det er helg.

Tekst
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Foto
Elin Sørheim
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker