Om oss

Fikse Næringsforening er ein interesseorganisasjon som er eigd av og representerer bedriftene i Etne og Vindafjord, med samla omsetning på om lag 20 milliardar kroner og 6000 arbeidsplassar. Det betyr at me jobbar for at næringslivet samla og bedriftene kvar for seg skal ha best mogleg vilkår for å utvikla seg på ein god måte. Dette gjer me blant anna ved å vera næringslivet sitt talerøyr overfor myndighetene, bidra til at bedriftene får tak i flinke tilsette, og gi fagleg påfyll og nettverk.