Sjå Tempomagasina

Nytt frå NAV Etne-Vindafjord

I mai starta vertskommunesamarbeidet mellom Vindafjord og Etne. I den forbindelse ønskjer nye NAV Vindafjord – Etne og gi relevant informasjon til arbeidsgivarar.

Det nye NAV-kontoret vil halda fram med å være lokalisert på Rådhusplassen 1 i Ølen. Det vil ikkje være nokon lokasjon i Etne lenger.

– Ved å slå saman NAV Etne og NAV Vindafjord sikrar vi eit godt NAV-kontor både for innbyggjarar og næringslivet. Nedslagsfeltet samsvarar med den felles bu- og arbeidsmarknaden vi har her på indre Hauglandet, seier NAV-leiar Kristin Tofte.

NAV Vindafjord –Etne vil væra knytt til NAV Rogaland. Dermed blir Etne den første kommunen utanfor Rogaland som høyrer til NAV Rogaland.

– Vi får eit meir robust NAV-kontor, med meir presise tenester mot innbyggarar ogarbeidsgjevarar. Fagmiljøet vert større, der vi kan vera meir fleksible og mobile,som betyr at vi i større grad kan vera ute hjå brukarar som har behov for det, seier Tofte.

NAV-kontoret tilbyr innbyggarane i dei to kommunane like tenester, uavhengig avfylkesgrenser. Både innbyggarane, arbeidsgjevarane og andre samarbeidspartnarar, skal ikkje merka noko skilnad.

– Arbeidsgjevarar vil få betre brukarnære tenester med marknadskontaktar for regionen. Vi vil også kunne gjennomføre meir lokalt tilpassa tiltak til beste for innbyggarane og for næringslivet ut frå kva behov ein måtte ha, seier Kristin Tofte.

Ho minner om at det er enkelt for arbeidsgivarar som ønsker kontakt med NAV Vindafjord – Etne, om å ta kontakt via nav.no.

– Nytt nettsidene våre. Der finn ein alltid oppdatert informasjon og vi vil vera raske med å svara på førespurnader som blir sende inn via nav.no. Det kan vera alt frå sjukefråværsoppfølging til bistand med rekruttering, seier ho

Leiar for NAV Marked Nord-Rogaland, Elisabeth Lie Nilsen, har god kjennskap til arbeidsmarknaden i Vindafjord og Etne. I samarbeid med NAV-kontoret vil dei hjelpa arbeidsgjevarar med rekrutteringstenester og bistand dersom permitteringar og oppseiingar er nødvendig.

– Vindafjord og Etne har eit spennande og interessant arbeidsmarknad. Våre medarbeidarar er fremoverlente og står alltid klar til å yta service i tett samarbeid med NAV-kontora, seier Lie Nilsen.

Har du som arbeidsgivar lyst på ein prat med leier for NAV Marknad Nord-Rogaland, er Elisabeth Lie Nielsen tilgjengelig på telefon 404 96 070 eller på e-post: elisabeth.lie.nilsen@nav.no

Tekst
Asbjørn Moe
Foto
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker