Sjå TempomagasinaAase Marie Stølås Jørgensen og Bjørnar Aastvedt er glade for å vere tilbake på Silda i Etne.
Aase Marie Stølås Jørgensen og Bjørnar Aastvedt er glade for å vere tilbake på Silda i Etne.

Folka er viktigast

Bjørnar Aastvedt (27 år) og Aase Marie Stølås Jørgensen (26 år) har alltid hatt eit ynskje om å flytte heim, men pandemien skulle framskunde flytteplanane.

Det byrjar å bli kjølig i novemberlufta på Silda i Etne, men inne hjå Aase Marie og Bjørnar er det varmt, innbydande og triveleg. Den to år gamle cockapoo-hunden Cooper svinsar ivrig rundt i stova. Familien har landa støtt i heimbygda, kor dei begge vaks opp. Sjølv om tanken om å flytte til Etne hadde vore der lenge, skulle likevel heimekontortilværet i Bergen, hausten 2020, få fortgong i planane.

– Korona blomstra opp att i Bergen i fjor haust, og me vart begge sendt på heimekontor. Det var utfordrande då me på mange måtar budde i eit kontorlandskap. Eg sat på gjesterommet, medan Bjørnar sat med spisebordet fullt med skjermar. Middagane vart inntatt ved stovebordet og me haldt oss stort sett heime. Bjørnar hadde den sosiale beten gjennom Sandviken (fotballag han spelte på), men elles fekk me nytt lite av det byen vanlegvis kunne tilby. Me reiste så ofte som me kunne heim den perioden, då me kjende på ein større fridom i Etne. Då kom også tanken om å sjå på jobbmoglegheiter her, fortel Aase Marie.

Bjørnar er nytilsett i Helgevold Gruppen der han jobbar som teknisk teiknar. Valet av arbeidsgjevar då han kom heim, var ikkje tilfeldig.

– Eg tok fagbrev som elektrikar på vidaregåande, og lærlingtida hadde eg hjå Helgevold. Etter eg tok fagbrev, reiste eg til Bergen kor eg tok to år på fagskule og to år på høgskule. Eg utdanna meg til elektroingeniør og arbeidde to år i Bergen hjå Apply og Rambøll. Då me bestemte oss for å flytte heim, var det veldig kjekt å komme tilbake til Helgevold og arbeidsplassen i Sandeid. Eg trivst særs godt der, og visste det var eit godt miljø å komme tilbake til, fortel han.

Aase Marie var innom Stavanger før ho flytta vidare til Bjørnar i Bergen. Då ho skulle søke jobb heime, viste det seg at rekrutterarane ho kontakta om hjelp, sjølv trengte henne på laget.

– Eg starta på ein bachelorgrad i sosiologi i Stavanger der eg spesialiserte meg i personalleiing. Siste året tok eg i Bergen, og så gjennomførte eg ein Master i arbeidslivssosiologi. Då eg sat med siste arbeidet på masteroppgåva våren 2020, fekk eg jobb hjå Din utvikling, som er eit selskap som samarbeider med NAV. Der var eg frå september til desember, før me avgjorde at me ville flytte på oss. Eg kontakta då Hamnøy som driv med rekruttering, for å få hjelp til å finne passande stillingar på Haugalandet. Det viste seg at dei hadde behov for folk sjølv, og etter ein prosess hjå dei, fekk eg tilbod om stilling. Eg starta hjå dei som researcher i januar i år og eg har no arbeidsstad på Frakkagjerd, fortel ho.

Paret har ikkje sakna bylivet sidan dei flytta, og tykkjer Etne oppfyller dei fleste behov.

– Me har ikkje sakna Bergen, men det er nok mykje fordi me den siste tida ikkje hadde tilgang til dei fritidstilboda me vanlegvis nytta oss av. Her i Etne er det eit godt kulturtilbod, og me prøver å få med oss det som skjer. Når noko skjer, må me støtte opp, og i sum får me med oss meir enn då me budde i Bergen, fortel Aase Marie.

– Då me er særs glade i musikk og å gå på konsertar, kan me somme gonger sakne eit meir variert tilbod, men ein kan få gode konsertopplevingar i Etne også. Heine Totland på Etne IL sin jubileumsfest var heilt fantastisk, fortel ho.

Begge to er glade i eit aktivt liv, og medan Bjørnar spelar fotball på A-laget til Etne, har Aase Marie deltidsjobb som instruktør på treningssenteret Frisk i Ølen.

– Eg er veldig glad for at me har eit så godt treningssenter på ein liten stad! Dei har eit variert tilbod og gode timar. I tillegg er eg blitt ivrig Etne-supportar. Då me budde i Bergen følgde eg ikkje med på Sandviken i like stor grad, men her møter folk på kampane og det er eit stort samhald. Det er veldig gøy, seier Aase Marie.

Sjølv om Etne kan by på vakker natur og eit godt kulturtilbod, er det likevel ein ting som er det viktigaste ved bygda.

– Folka er viktigast. Her har me familie og vener tett på. Det kjennest trygt og godt å flytte til eit nettverk. Me var så heldige å få kjøpe eit hus som ligg rett over vegen frå foreldra mine, og det å ha familien på begge sider nært er fint. Vanlege stoppestader i kvardagen som butikken, blir også sosiale møteplassar, då du møter så mange kjende ansikt. I starten kom Bjørnar aldri heim frå butikken, fordi det var så mange å snakke med, ler ho.

Kommunedirektør i Etne kommune, Bjørn Tollefsen, har uttrykt bekymring for dalande fødselstal i kommunen. Paret ser lyst på utfordringa.

– Det tok me veldig personleg, så då gjorde me noko med det, ler Bjørnar. Aase Marie er gravid og paret ventar ein son i februar. Dei er også særs optimistiske på kommunen sine vegne.

– Det er klart at dersom det blir fødd færre born, vert det vanskelegare å oppretthalde tilboda i kommunen. Me er avhengige av tilflyttarar og stabile fødselstal. Samstundes er mange av våre vener allereie flytta heim, og dei som bur vekke ser for seg å flytte heim på sikt, seier Aase Marie.

– I dag startar også folk seinare med å få born og etablere seg. Dalande fødselstal er også ei landsdekkande utfordring, då folk i større grad gjerne får to born i staden for tre. Samstundes har me eit mykje meir optimistisk bilete av situasjonen basert på dei me kjenner og tankane deira om å flytte heim, utfyller Bjørnar. – Folk vil gjerne flytte heim, men dei gjer det kanskje seinare enn ein gjorde før i tida.

– Det er to ting eg saknar frå Bergen: quiz og frisbeegolf! Det er quiz i romjula her, men i Bergen gjekk eg gjerne på det kvar veke. Men dette er aktivitetar ein fort kan sette i gong sjølv. Viss du vil at noko skal skje i eit bygdesamfunn, kan du ikkje sitte og vente på at andre skal gjere det. Dette ser ein i mykje av det som skjer i Etne. Drivhuset til dømes, er eit nytt og veldig flott tiltak laga av lokale eldsjeler. Folk har giv og skaparglede og tar tak når dei vil få noko til. Det er ei veldig positiv side ved bygdelivet, framhevar han.

Tekst
Inga Klokkerstuen Wangensteen
Foto
Inga Klokkerstuen Wangensteen
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker