Sjå TempomagasinaBilde av Nils Einar Steinstø og Anette Lauareid Hovda.
Påtroppande styreleiar i Fikse, Anette Lauareid Hovda, er gründer og dagleg leiar av Småfolk barnehage i Etne.

Ny styreleiar i Fikse Næringsforening

Anette Lauareid Hovda (45) er nyvald styreleiar i næringsforeningen for Etne og Vindafjord, Fikse.

Hovda er sjølv gründer og dagleg leiar i Småfolk barnehage, og har vore medlem i Fikse mest sidan oppstart av næringsforeningen.

- Eg gler meg til å ta fatt på rolla som støtte- og sparringspartnar for dagleg leiar, Nils Einar Steinstø, seier Hovda. Eg ser fram til å bidra med å fronta det som skal fremjast for næringslivet lokalt innan næringsutvikling, samferdsle, utdanning og rekruttering, fortel ho.

Med yrkesfag som hjartesak

Ei av Fikse sine hjartesaker er å sette søkelys på lokal yrkesfagleg rekruttering, og tilby ungdom tilbod lokalt for vidaregåande og yrkesfagleg utdanning. Dette er eit tiltak for å sikre framtidig kompetanse for lokalt næringsliv og kommunale yrkesfaglege stillingar. Samstundes ser ein effekt av framtidig heimflytting ved å la ungdom ha høve til å kunne ta vidaregåande utdanning lokalt.

Eit av tiltaka for å lette jobben med å finne fram til ledige læreplasser lokalt er utviklinga av finnfag.no, som og fekk sin eigen app i januar i år. Fikse sit i dag som eigar og drivar av yrkesfagssida og appen finnfag.no i samarbeid med Opplæringskontoret på Haugalandet.

Hovda brenn for styrking og tilrettelegging av yrkesfagleg utdanning. Dei siste fire periodane har ho hatt styreleiar-vervet i Opplæringskontoret på Haugalandet, og som bedriftseigar av privat barnehage tilbyr ho læreplassar for yrkesfaget barne- og ungdomsarbeid.

Dagleg leiar i Fikse næringsforening, Nils Einar Steinstø ser fram til samarbeid og god sparring med påtroppande styreleiar Anette Lauareid Hovda.

- Det har skjedd mykje innan yrkesfagleg opplæring dei siste åra, og me ser at med finnfag.no og appen som kom i år, så ser fleire verdien av løysinga med fellesportalen og brukar han for å nå ut til ungdom og rådgjevarar i skulen.

Dagleg leiar i Fikse, Nils Einar Steinstø, har stor tru på eit godt samarbeid med påtroppande styreleiar og styret.

- Det er eit veldig bra val å få inn Anette som styreleiar og sparringpartnar meiner Steinstø.

Anette Lauareid Hovda blir fyrste kvinnelege styreleiar sidan oppstarten av Fikse i 2010, understrekar Steinstø. Han fortel at styret i Fikse ikkje har problem med å fylle kvinneandelen då styret for tida består av 2 menn og 6 kvinner inkludert styreleiar. Styret er i dag sett saman av representantar for medlemsbedrifter i ulike næringar og storleikar.

- Med ein slik variasjon sikrar me at kan få fanga opp ei god breidde i kompetanseområda i det lokale næringslivet, understrekar Steinstø.

Steinstø, som har rundt 8 månadar bak seg i leiar-rolla i Fikse, er godt nøgd med tida saman med Matre som styreleiar og er klar for neste periode med Anette i førarsetet.

- Sindre har vore ein god sparringspartnar for meg som ny i jobben, og Anette vil bli fylla den rolla godt.

Steinstø har både ingeniør- og hotellhøgskule i utdanningsporteføljen og har leia både små og store selskap. Han kom frå stillinga som Vice President Global Sales med ansvar for 90 hotell i gruppa av First Hotels, X-Meetingpoint og Moxy X by Marriot. I Fikse har han fått kjenna på rolla som bedriftsleiar med alle administrative roller. Han starta i jobben midt i korona-perioden, og gler seg nå til å kunne ta fatt på oppgåva med å få følga bedriftene tettare opp når samfunnet opnar meir opp.

Det har vore ei tid med endring både for Fikse og samfunnet elles med Covid-19, som har sett ein stoppar for både oppsøkande bedriftsverksemd og samlingsplassar for næringslivet lokalt, i tillegg til avlysing av det årlege og populære næringslivstreffet på Olalia, NæringsGiv.

- Målet er å få koma i gong med å besøka og samla næringsliv i nettverkssamlingar i løpet av hausten, der ein får utveksla erfaringar og spela inn utfordringar og ønske for oppfølging, seier Steinstø. Den populære næringslivssamlinga NæringsGiv på Olalia ser han fram til å få invitere til i løpet av 2022, samt å få jobba opp mot skular og utdanningsinstitusjonar og å auke medlemsmassen.

- Eg er stolt av å få jobba med og fremja interessene til ein medlemsmasse på rundt 200 bedrifter i alle størrelsar på tvers av kommune- og fylkesgrenser i Etne, Vindafjord, Vestland og Rogaland som samla har ei omsetning i 2020 ca 23 milliardar fordelt på rundt 6000 tilsette i bedrifter i Etne og Vindafjord, seier fortel Steinstø.

Takkar for seg

Sindre Matre, som til dagleg leiar Arriva Shipping takkar for seg etter fire år som styreleiar i Fikse næringsforening.

- Det har vore veldig kjekt og spennande å få vera med i Fikse, men summen av alt gjer at eg nå vel å takka for meg. Eg må ha tid til litt jobb og, smiler han.

- Det er eit kjempebra og spennande val av ny styreleiar, seier han. Hovda er ei bra og solid dame, som er engasjert og tydeleg og som sit på mangeårig erfaring som gründar og dagleg leiar, legg han til.

Eit råd på vegen vidare til styreleiar Hovda frå Matre og dagleg leiar er å framover halda fokus på dei mange sakene og oppgåvene Fikse allereie har på blokka og styrke desse.

- Å ta pulsen på næringslivet til ei kvar tid, og dyrka og halda oppe det gode samarbeidet med kommunaldirektørar- og sjefar for næring i både Etne og Vindafjord, understrekar Matre. På denne måten oppnår ein at kommunane bruker næringslivet og næringsforeningen i spørsmål som gjeld politiske diskusjonar og avgjerder som påverkar næringslivet lokalt.

Matre ser og verdien av samarbeidet Fikse Næringsforening har med Medvind næringshage, der ein til ei kvar tid og jobbar med å tydeleggjera kva tenester dei ulike aktørane tilbyr næringslivsaktørane lokalt.

I tillegg til å vera ein støttespelar og lobbyist for næringslivet opp mot kommune-, fylkes, og Storting i samferdsle, næring og rekruttering består medlemsmassen i Fikse av alle typar bedrifter, små-mellomstore og store. Anette Lauareid Hovda har ein tanke om kva ei av oppgåvene Fikse må styrka seg i framover er.

– Det er viktig at me får kartlagt ulike behov og ikkje minst at me får løfta enda meir fram kva me som næringsforeningen Fikse kan tilby dei ulike, understrekar Hovda. Medan mange bedrifter er i privatmarknaden er det enkelte private bedrifter som blir målt opp mot det offentlege. Det blir ei av mange spennande utfordringar, avsluttar ho.

Styret er sett saman av: 

Styreleiar Anette Lauareid Hovda Småfolk Barnehage AS
Nestleiar Irene B. Haraldseid Tveit Regnskap
Styremedlem Gøril Eidhammer Skakke
Styremedlem Sigve Lervik Instruo
Styremedlem Anne M. H. Heggebø Helgevold Gruppen
Styremedlem Nina Haugen Etne Hudhelseklinikk
Styremedlem Vegard Nordtveit Knapphus Kjøkkensenter
Varamedlem Gunnlaug Habbestad Westcon Yards
Varamedlem Jarle Ljosnes JHL AS
Varamedlem Lasse Grindheim Etne Service Senter AS
Tekst
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Foto
Astrid Eidhammer Hjelmeland
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker