Sjå Tempomagasina

Får i ulveklær

Val av utdanning er ikkje alltid like lett, og tanken på kva ein skal jobba med varierer ofte frå ein er ung og til ein har nokre år bak seg i yrkeslivet.

Morten Østenstad
(31) meiner eit godt råd til dagens
unge er å bygga seg ryggrad, og å oppsøka ny
kunnskap og erfaring.– I
arbeidslivet vil du bli sett på prøve og i mange yrke må ein levera både fysisk og psykisk. Sjølv er
han glad for erfaringa han hadde frå tida
som avsløysar frå han var 14–20 år.

– Den erfaringa har hjelpt meg
mykje. Særleg då eg fekk tilbod om å prøve meg offshore på borerigg rett etter vidaregåande skule. Eg var ikkje førebudd på kva som venta meg då eg
vart kasta inn i heilt nye forhold i Nordsjøen. Det
var berre å brette opp armane for både tungt og hardt arbeid i
boreavdelinga.

– Ein måtte bevise at ein var verdt jobben. Alle ville sette deg på prøve.
Take it or leave it. Boreriggen han starta på var
ikkje av dei mest moderne, så her
var det mykje manuelt arbeid og med 12–timars
skift var det berre å stå på til
tre om natta i minusgrader. Men det var ein sjans ein fekk dengong, då det var oppgangstider i oljebransjen.

Etterkvart vart det tilbod om fast jobb i Transocean og via
selskapet fekk han dekka utdanning i petroleumsteknikk og gjekk gradene i
systemet. I ein femårsperiode reiste han og rundt
og underviste bedrifter og organisasjonar i petroleumsbransjen i friperiodane.
Han følgjer framleis med og noterer
seg produksjonsstart på felt
der han i ung alder var med å planta
fyrste hol på offshoreblokker.

Fram til 2011 budde han saman med kona Mari Vestbø i Stavanger. I 2012 blei han far for
fyrste gong. – Eg hadde verdas beste jobb,
men kjende allereie då at eg ønskte å prioritera
annleis som småbarnsfar. Han lengta etter å vera meir på land, og starta på
deltidsstudier i Økonomi og ledelse i 2014. I
2015 flytta familien inn i nytt hus på Roa i Ølen og året
etter vart Østenstad ein av fleire som
vart råka av nedskjeringane i
selskapet han jobba for.

Då jobben
som dagleg leiar ved MX–Sport dukka
opp, var det ei ny utfordring han var klar for å ta
fatt på. Han definerer seg som
konkurransemann og let seg inspirere av å bli
utfordra. Samstundes som han stiller høge krav
til seg sjølv krev han innsats av dei
rundt seg.

– Eg merkar godt om nokon har ein indre vilje. For tida har han to skuleelevar med på laget i butikken på Ølen Senter. Dei er fantastisk flinke,
understrekar han.

Mange har klare mål for
kva dei vil bli og jobbe med, men for meg var det litt tilfeldig, fortel
Marianne B. Vassnes, som i dag jobbar som marknadskoordinator i Vakt og Alarm i
Etne. Då ho skulle byrja å studere i 2004 stod det mellom journalistikk
og sjukepleie i Stavanger. Tilfeldigheiter gjorde at ho ikkje kom inn på journalistikk, og difor byrja ho på sjukepleiarutdanninga.

–Sjølv om eg ikkje var sikker på at det
var sjukepleiar eg ville bli, syns eg det var det godt å byrja på eit
studie.

– Mange kan stresse med å finne ut kva dei skal bli. Dei
stressar med mål og meining, men det er
ikkje krise om ein ikkje veit dette når ein
er 17–18 år. Det ordnar seg som regel.

Tekst
Astrid Eidhammer Hjelmeland, Omega Design
Foto
Svein Egil Økland
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker