Sjå TempomagasinaBilete av Martin Berge sr.

Kvardagshelten

Han er 87 år, men møter likevel på jobben kvar einaste dag. Martin Berge sr. er aller mest glad i den gode kvardagen.

– Å ja! Han er komen, alltid presis han veit du, seier Torhild Vormestrand Klungland som sit i skranken hjå Berge Sag og Trelast. Ho viftar vennleg mot ei open kontordør tre steg lenger nede i gangen.

Det står Martin Berge sr. på døra, men han som sit på innsida minner lite om ein pensjonert bestefar i alderen 87. Martin kikkar over brillekanten medan han roleg legg ned hytte-teikningane han held i handa.

–  Stemmer, det var i dag det var intervju ja, seier han like lettvint som om det var lunsjen han skulle nå.

Martin har ikkje hatt mange dagar vekke frå jobb sidan han starta i bedrifta i 1947. Då var Berge Sag og Trelast lokalisert på andre sida av fjorden, på den gamle vassdrivne mølla ved Bergselva. I etterkant har Martin vore med på opp og nedturar, han har vore med på produksjon av båtar, dører, vindauge, hus og hytter. Etter kvart flytta byggefirmaet over fjorden, og det naturlege «nye møllo» - namnet kom på plass.

– Det har vore mange lange dagar ofte, i den travlaste tida var eg berre innom for å ete middag før eg måtte ned igjen på kontoret. Det var ikkje alltid like populært hjå ho som sat heime med fem barn.

– Har du skrive timar gjennom åra?

– Nei, det var då eg blei pensjonist eg måtte byrje med det. Jo, det har nå blitt ein del jobbing, men det var slik det var. Me har arbeidd så lenge me har kunna, eg hugsar godt når eg var gutunge og fekk prøve å høvla material, det var stort.

Mange andre minne har og sett seg godt fast.

– Eg hugsar me fekk material-last før me fekk truck, den kom med båt bort til mølla og så tok me plank for plank inn vindauga. Det gjekk det og.

Han gifta seg som 25-åring med kona Eldbjørg.

– Korleis møttest de?

– Nei, ho sto nå på butikken til Olaf Heggen i Ølen, eg såg henne der, så blei det berre slik, fortel han sindig.

Martin kikkar tankefullt ut i lufta. I 15 år har han vore åleine no. Eit annleis liv, men rutinane er der endå. Framleis lagar han middag kvar dag, annakvar dag er det fisk, annakvar dag  kjøt.

– Jo, eg må jo det. Det går greitt det, men du må nå få med at eg har kjekke døtre, svigerdøtre og vener som ofte svingar innom til meg med noko då.

Sjølv bygde han hus eit par steinkast unna «den gamle møllo», etter kvart bygde og sønene hus her. Åra har gått med til familiebedrifta, noko som har vore både heilt naturleg og ønskt frå Martin sjølv. Nokre år var han likevel vekke på handelskule og yrkesskule.

– Eg gjekk på yrkesskulen på Sand som 18-åring. Der laga me våre eigne møblar, spisebord med fem stolar og gyngestol. Eg hugsar eg henta dei med lastebil, nokre av møblane eksisterer endå trur eg, seier han og ser ut i lufta. Eit fag saknar han framleis skulegang i.

– Eg tregar ofte på at eg ikkje har lært meg meir engelsk, det skulle eg gjerne hatt meir av.

Martin Berge er seniorrådgjevar i Berge Sag og Trelast, eller dreng, som han kallar seg sjølv. Trass sin høge alder driv han framleis med kalkulering og mengderekning av hus og hytter – og det kvar einaste dag.

Martin Berge ser tilbake på nesten 70 år i arbeidslivet. Det har vore tøffe tider også. Martin taklar kvar dag slik den kjem, slik kjem han seg stadig vidare.

– Men eg har litt kortare dagar då, seier han med det velkjende og lune smilet.

08.30 er han på plass, før det blir middagslaging i 11-tida. Lange lunsjpausar må ein nesten kunne unne seg når ein er 87 år, men ikkje ynskjer å bli pensjonist heilt endå. I 13-tida er han tilbake, og klar for nye arbeidstimar. Framleis er det mange kundar som spør etter Martin og ynskjer at han skal sjå på prosjektet. Han er imponerande treffsikker med papirteikning og blyant.

– Eg brukar ikkje datamaskina så mykje, den står no berre her, seier han og nikkar mot skjermen som er skuva litt til sides. Naboen her får prise det eg kalkulerer, han er betre på det, seier Martin og ler medan han ristar på hovudet.

– Eg likar meg best med penn og papir, men eg kan jo jobbe sjølv om straumen går og eg.

Martin Berge sr. er i den eldste enden av bedrifta Berge Sag og Trelast, han veit kva som krevst for å selje produkt, skaffe kundar og ikkje minst korleis ein gjennomfører prosjekt på ein best mogleg måte. Han har erfaring med både folk, hus og hytter, han veit at det er dei som skal bu i husa som er dei aller viktigaste.

– Det er mykje som har forandra seg på dei åra eg har halde på. Når eg bygde hus kosta huset 72 000 kroner, og me innreia ikkje fleire rom enn det me høgst måtte. Eg starta faktisk med minkproduksjon ei lita stund, slik at eg tente nok til å innreie loftet.

– Det er jo ikkje slik lenger, no blir alt innreia med ein gong, og på toppen har dei ofte dyrt billån. For ikkje å snakke om hyttene som er meir som hus. Eg er ikkje vane med det der, seier han og smiler.

Og nettopp hytter har stadig blitt viktigare for Berge Sag og Trelast. Etter ein tung oppstart med felt i Vågslid på starten av 2000-talet løyste det seg opp i 2004. No har dei bygd 400 hytter på Vågslid. At dei ikkje hadde særleg tru på at Håradalen kunne vere aktuelt for hyttebygging sidan det var «altfor bratt» er ei anna historie, som dei no ser tilbake på med eit smil i Berge Sag og Trelast.

Marknaden har svinga gjennom åra. På starten av 90-talet var det så tøft at dei var glade for kvar minste prosjekt dei klarte å selje inn. Det blir fortalt at teljing av varelager blei gjennomført på ein litt utradisjonell måte.

– Då køyrde me gjennom lageret og sa «omtrent som i fjor», så me var litt slepphendte der. Men totalen vart alltid rett til slutt, seier Martin og smiler. Gjennom dei åra han har arbeidd i bedrifta har det aldri vore raude tal. Det står det respekt av.

– Men tøffe tider har det vore. Nokre år prøvde me oss og med internasjonal satsing. Me hadde til dømes eit prosjekt i Tyskland som var suksess. Per Berge og Terje Halleland var nede der og selde på hus, tre er ikkje lenger så mykje i bruk nede i Europa, så det var populært.

– Det blir sagt at du og var på internasjonale messer, utan at du nødvendigvis kunne så mykje engelsk?

– Haha, ja, det stemmer det. Det var andre som kunne snakke, men eg var nå med ja. Det var ei artig tid, seier han og tar ned ein ekte stresskoffert i tre som ligg øvst på hylla på kontoret. Den har framleis ein reiselapp frå Spania hengande på seg. Kofferten fekk han som ei artig gåve frå ein samarbeidspartnar som meinte at reisefølget måtte vise godt igjen.

På 90-talet tok også dei tre sønene, Per, Geir og Jan over kvar sine deler av drifta. Då var Martin klar for å sleppe ansvaret over på dei, og gjekk sjølv inn i ei anna rolle.

– Det var jo då det verkeleg sette fart, dei har vore gode på å bygge opp alt dette, seier han og slår rundt seg med handa.

Hadde han ikkje vore her med material, byggevarer og huskundar skulle Martin gjerne vore til sjøs. Han likar seg i båt, og draumen om å kunne vere med på fiske i nord har aldri slept taket. Det har heller ikkje gleda over å køyre lastebil på svingete vestlandsvegar, det vart eit velfortent pustehol.

– Eg veit ikkje kvifor, men fiske har alltid interessert meg. Eg trur det handlar om oldefar Petter som var notbas. I tillegg hadde han 21 ungar med tre koner, det var litt av ein flokk.

Martin smiler og peikar på biletet av den eldre versjonen av Petter med flokken rundt seg.  Møterommet viser at historia framleis sit i veggane i bedrifta, her er bilete av sagmeister Helge Berge på den gamle Sajo på Berge Bruk og bilete frå korleis bruket med båtbyggjeri såg ut i 1948. Far til Martin, «Mølle-Pitter», som han vart kalla, starta i Berge Sag som 16-åring. Petter var og arkitekten i bedrifta, og sat ofte lange kveldar med teiknebordet. Martin starta like tidleg som faren i bedrifta, og var raskt i gong med jobb på kveldar og i helger. I 1947 fekk han si første lønning: 1 krone i timen. Vegen frå andelslaget som vart starten på familiebedrifta i 1888 og fram til det profesjonelle byggefirmaet som i dag har om lag 200 tilsette har vore utruleg, framleis veks selskapet jamt og trutt.

– Det blir fortalt at du gjekk heim for dagen når det kom for dagen at de skulle slutte med å selja kjøken på 90-talet?

– Jo, hehe, det kan nok hende eg gjorde. Me hadde jo alltid seld kjøkken, men eg kom raskt igjen, me må tåla forandring heile tida.

Martin Berge sr. likar seg aller best med husteikningar utover arbeidsbordet. Framleis stiller han på kontoret kvar einaste dag.

Martin er glad i kvardagen. I dagane der han kan kome på jobb, snakke med kundar, gi gode råd og ta ein kaffikopp på nabokontoret. Den siste tida har han og vore prega av kreftsjukdom, men no ser det lysare ut, og sjukehusdagar er bytta ut med nye økter på kontoret. Dagen er også best om han får lest i ei av dei mange bøkene som ligg klare på stovebordet.

– Eg les vel ei bok i veka, trur eg. Det kan vere alt mogleg, men eg er nå glad i historiske bøker, eg likar og Erika Fatland. Ho skriv godt.

Interessa for historie har og ført til mange interessante utanlandsreiser. Martin har etter kvart blitt ein reisevande mann. To gonger har han vore i Egypt og sett på pyramidar, han har vore i Israel og besøkt både Jerusalem og Betlehem, i tillegg har han besøkt historiske plassar i både Kina, Russland, Kypros og fleire andre land.

Han ruslar ut på kaien slik at fotografen kan få tatt bilete av han med den gamle møllo i bakgrunnen. Plutseleg hiv han neven opp i lufta og helsar på ein nabo som fer ut med båt.

– Han skal ut og sjå om teinene sine han, seier han og lar blikket gli over fjorden.

Martin veit at mørket finst. Han veit at livet kan føre med seg tøffe tider, og stunder der det er vanskeleg å sjå lyset langt der framme. Han taklar kvar dag slik den kjem, slik kjem han seg stadig vidare. Av dei tre sønene som overtok drifta i selskapet er det berre to att. Saknet etter Per er med Martin kvar einaste dag, og slik vil det alltid vere. Det er ikkje alltid ein treng å setje så mange ord på nettopp det.

– Nei, det er slik det er. Det er tungt, seier han og tørkar tårene som renn. Tårene skal få lov til å vere ein naturleg del av kvardagen, også i dag.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar
Foto
Hanna Maria van Zijp
FAKTA

Namn: Martin Berge sr (87)

Bur: Ølensvåg

Aktuell: 87 år, men framleis på jobb i familiebedrifta Berge Sag og Trelast kvar einaste dag

Les: Bøker, og då gjerne historiske

Høyrer og ser på: NRK P1+ frå 5.30-8.00 kvar morgon. På kvelden ser han på Dagsnytt 18, Dagsrevyen med lokale nyhende, natur- og debattprogram, samt Viasat Historie

Førebilete: Far min, Petter Berge, som og vart kalla Mølle-Pitter

Les også:
Nav ikon
Alle saker