Sjå TempomagasinaLovise-Amanda Lærdal meiner det er viktig å få arbeidsoppgåver tidleg.
Lovise-Amanda Lærdal meiner det er viktig å få arbeidsoppgåver tidleg.

I arbeid fra ung alder

Lovise-Amanda Lærdal og Sander Hustoft meiner begge at tidleg arbeidserfaring er gull verdt i vidare karriereløp.

Lovise-Amanda er oppvaksen på gard i Etne og fekk tidleg vera med på garden. I dag er 26-åringen HMSK-leiar i Ølen Betong.

– Eg trur å få være med tidleg om oppgåver og arbeid er viktig. Oppgåver gjer at ein meistrar og veks på det, og lærer å kjenne seg sjølv betre. Då ønsker ein også å prøve meir, meiner ho.

Ho skildrar ein barndom der ho kanskje ikkje var den som var i slåtten kvar sommar, men som var glad i dyr, og fekk tidleg vera med på dyrestell i fjøset.

– Me har vore med i fjøset sidan me var bittesmå, me temde på kalvar, måkte og strøydde for dyra. Det er viktig at ein får oppgåver som betyr noko, og at ein ser at det ein gjer er viktig.

– Ein kan heller ikkje sitje inne og vente på at arbeidslivet skal ta ein med storm. Opplever ein meistring tidleg i livet ser ein og at det ein øver på blir ein god til. Ingenting kjem gratis, og alle arbeidsoppgåver er ikkje like spanande, slik er det berre. slår HMSK-leiaren fast.

Ho var i 12-årsalderen då ho hadde bestemt seg for å kjøpe hesten ho hadde på lån. Faren hadde gått med på avtalen, men pruta så lenge med hesteseljaren at seljaren gav opp og ville ikkje selje likevel.

– Då ringde eg opp igjen til seljaren og gjorde ny avtale, hesten blei ikkje så billig likevel. Eg trur mor og far var såpass imponerte over at eg ordna opp at dei berre lo av heile greiene og lot meg få hesten, seier Lovise-Amanda og smiler.

– Eg trur jo og at arbeidserfaringa har vore med å gjere meg litt meir handlekraftig. Og ikkje minst at me fekk prøve heime, det var ikkje sånn at dei tvinga oss til å arbeide, men dei tok oss med i oppgåvene og var positive. På ein gard ligg det jo i generasjonane bakover at ungane skal få vere med, og lære at dei og kan bidra. Og eg trur at den meistringskjensla gir gode grunnlag for ein seinare i livet.

Lovise-Amanda meiner viljen til å samarbeide med andre og er viktig for å bli attraktiv på arbeidsmarknaden.

– Ein må vere audmjuk og lytte til andre, alle kan lære noko av kvarandre. Det hjelper ikkje å ha gode idear viss ein ikkje får folk med seg. Gjensidig respekt er viktig, og legge litt ekstra i det du gjer for å få god kvalitet. Det vil alltid bli lagt merke til. Og ver ærleg, det er viktig å kunne seie kva ein eigentleg meiner.

Ho var ikkje sikker på at det skulle bli HMSK, for det er nok mange jobbar ein sikkert kunne ha passa til, men valde til slutt å studere til HMS- og kvalitetsingeniør.

– Det er engasjerande å jobbe med HMS, det rører jo med heile bedrifta. Alt frå helsa til dei tilsette, ytre miljø, tryggleik på jobb og til kvalitet på varene ein leverer ut. Eg trivst godt i Ølen Betong og lærer mykje, målet er å gjere ein god jobb, ha det kjekt i livet og ta dei moglegheitene som byr seg, fortel den unge leiaren.

Sander Hustoft er berre 22 år, men allereie sjølvstendig næringsdrivande. Midt i koronaperioden valde han å slutte i røyrleggarjobben hjå Vassbakk & Stol, og starte eiga bedrift heime i Etne.

– I utgangspunktet hadde eg vel tenkt å starte opp for meg sjølv i friperiodane på jobben, men så bestemte eg meg for å hoppe i det. Eg veit ikkje om det er spesielt modig, eg tenkjer jo at eg truleg får meg jobb om dette ikkje skulle gå vegen.

Men allereie etter få månadar som sjølvstendig næringsdrivande har han fulle dagar, somme gonger treng han å leige inn ein ekstra til å vere med på større jobbar, der til dømes mykje røyr skal skiftast ut. Likevel ser han for seg å vere åleine i bedrifta i mange år før det blir aktuelt å tilsetje fleire.

– Det blir nok lange dagar og mykje jobb no i starten, men det er kjekt å kunne jobbe for seg sjølv. No går det eg fakturerer inn til mi eiga bedrift, det er litt kjekt, seier den unge bedriftsleiaren.

Sjølv starta han opp som avløysar i 12-årsalderen, og er samd med Lovise-Amanda i at all arbeidserfaring er mykje verdt seinare på yrkesvegen. Etter vidaregåande vart det læretid hjå Rørlegger Nils Torgrimsen i Ølen.

Eg treivst veldig godt der, for meg er miljøet på ein arbeidsplass viktig. Hjå Torgrimsen var dei flinke til å skape miljø, det tar eg med meg vidare.

Aase V. Berge er dagleg leiar i Berge Sag Fagbygg. Ho meiner tidleg arbeidserfaring gjennom ulike jobbar både er viktig og ein fordel for ungdom å sikre seg.

– Det gir ungdom innblikk i ulike type yrke, gjer dei kjende med arbeidslivet og byggjer opp CV. Det er ikkje avgjerande kva jobb dei har hatt. Har dei hatt jobb tidleg, vore aktive og prøvd ulike type jobbar, også jobbar dei ikkje synes er attraktive så stiller dei sterkare som jobbsøkjar seinare Dei har vist at dei har vore engasjerte og har mestra utdanning og arbeid samtidig.

– Me er heldige i Etne og Vindafjord som har så mange bedrifter og moglegheiter for ungdommane til å få seg sommarjobb og deltidsjobbar, seier ho.

HR-leiar i Helgevold, Line Njåstad er samd i at arbeidserfaring er eit fortrinn.

– Me er bevisste på dette når me rekrutterer, me spør gjerne etter om det ikkje alt står i CVen. Å vere vane med å jobbe tidleg er alltid ein fordel, me ser ofte at dei som har vakse opp gard eller jobba som avløysar eller hatt andre jobbar som ung, har med viktig erfaring. Ein er blitt van med å ta i eit tak, og har gjerne lært seg å sjå meir kva arbeid som skal gjerast og ein tek gjerne meir initiativ. Ein er også vane med å ta ansvar som å kome seg opp om morgonen, seier ho.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar
Foto
Kristian Risanger
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker