Sjå Tempomagasina

Me søkjer ny dagleg leiar

Vil du vera med å utvikla næringslivet i Etne og Vindafjord?

Stilling: Dagleg leiar, Fikse Næringsforening

Søknadsfrist:  26. april

Oppstart:  etter avtale

Arbeidsstad: kontor i Vindafjord og Etne

Fikse Næringsforening er ein interesseorganisasjon av og for bedriftene i Etne og Vindafjord.  Nå søkjer me etter ny dagleg leiar som kan bidra til å vidareutvikla og gjera eit allereie sterkt og mangfaldig næringsliv enno betre gjennom arbeidet til næringsforeningen.

Fikse Næringsforening jobbar for at næringslivet samla og bedriftene kvar for seg skal ha best mogleg vilkår for å utvikla seg på ein god måte. Dette gjer me blant anna ved å vera næringslivet sitt talerøyr overfor myndighetene, bidra til at bedriftene får tak i flinke tilsette, og gi bedrifter og tilsette fagleg påfyll og nettverk.  

Jobben er allsidig, og du vil blant anna jobba med:

  • Å synleggjera bedrifter og jobbmoglegheiter for framtidige arbeidstakarar
  • Tala næringslivet sine interesser ovanfor offentlege myndigheiter lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Leggja til rette for fagleg påfyll og nettverk for bedriftene, ved å arrangera kurs, bransje-, og fagtreff
  • Delta i nyskaping og utviklingsprosjekt
  • Drifta og vidareutvikla organisasjonen

Me søkjer ein person som:

  • Har gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
  • Har god forretningsforståing og gjerne erfaring næringsdrivande
  • Med fordel har kjennskap til offentleg forvaltning og politiske prosessar
  • Er handlekraftig og har god gjennomføringsevne
  • Kan ha oversikt over og framdrift i mange ulike og parallelle prosjekt  
  • Er god på å tileigna seg ny kompetanse og møta nye problemstillingar
  • Har gode samarbeidsevner og kan vera samlande blant ulike interesser
  • Er engasjert, fleksibel og serviceinnstilt overfor næringsinteressene ein jobbar for
  • Tar initiativ og jobbar sjølvstendig, i samarbeid med styret og næringslivet elles

Spørsmål til stillinga:

Styreleiar Sindre Matre: [email protected] | 90115890

Dagleg leiar Asbjørn Moe: [email protected] | 97771755

Tekst
Foto
FAKTA

Fikse Næringsforening er eigd av og representerer bedriftene i Etne og Vindafjord, med samla omsetning på om lag 20 milliardar kroner og 6000 arbeidsplassar. Selskapet har 1-2 årsverk.

Les også:
Nav ikon
Alle saker