Sjå TempomagasinaBilde av Siri Lundal Hustveit

Kulturberaren

Siri Lundal Hustveit (48) drøymer om slottsferie, «afternoon tea» og store barokkkjolar. Men aller viktigast er det å skape gode smakar og tradisjonsmat i Åkrafjorden.

Ho svarte kjappare ja til å bli intervjua i Tempo enn ein kanskje skulle trudd, at ho tidlegare høfleg hadde takka nei til å stille opp på NæringsGiv for å fortelje om lokalmat-eventyret i Åkrafjorden var kanskje avgjerande. Å bli intervjua skriftleg var langt mindre farleg enn å stå framfor kollegaer frå næringslivet i Etne og Vindafjord på Olalia.

— Eg veit kva NæringsGiv ville ha kosta meg, då hadde eg grudd meg lenge. Dette kan eg heller vere med på, seier Siri som er dagleg leiar i Johs. Lundal AS.

Far Johan og sonen Johannes står side om side i arbeidet hjå Lundal.

Låtten, den litt spake framtoninga og blikket for kvalitet og tradisjon ser ut til å vere fellesnemnaren i familiebedrifta. Her er det ingen som slår hardt med dørene eller som krev meir tid i skinet frå lyskastaren enn andre. Siri er dagleg leiar, med seg har ho søster Marianne Lundal Berge som sals- og marknadsleiar og broren Johannes Lundal som er pølsemakar og i dag produksjonsleiar i selskapet. Om ikkje det var nok er også mannen til Marianne, Magne Vidar Berge, tilsett som teknisk leiar og distribusjonsleiar, og ikkje minst er far i huset, Johan, framleis med i produksjonen.

— Han er 75 år men har ikkje tenkt å gi seg heilt endå. Mor derimot trekte seg tilbake då me starta å få familiar og det vart større behov for å hjelpe oss med barnepass og andre ting. Me er heldige, slår Siri fast og speidar ut over Åkrafjorden frå terrassen i det store og lyse matrommet.

Ferdigmaten hjå Lundal er i vekst, både den som er heilt ferdig og dei porsjonane med råvarer dusjølv kan lage middag av.

Her kan ho kaste eit ørneblikk over familiehusa som ligg som perler på ei snor. For ikkje berre jobbar søskena og foreldra saman, dei bur og tett i tett langs sjøkanten. Avstanden opp til Åkrafjordtunet og mannen, John Karsten Hustveit, sin arbeidsplass er og berre eit steinkast unna.

— Me trivst saman heile gjengen. Eg trur nok mange lurer på korleis me får det til å fungere som familie når me jobbar saman, men me er gode på å skru av i familiemiddagar. Det betyr ikkje at me alltid er einige om alt, seier Siri.

Langs ein høg benk er det sett opp barstolar, oppå benken ligg briller, eit papir og ein kikkert.

— Det er far sin plass ja, seier Siri og smiler.

Alle har sine faste plassar i matrommet. Her blir ofte nyeprodukt eller firmastrategiar og diskutert, det er kort vegmellom leiing og tilsette.

Det var ektemannen John Karsten som blei avgjerande for at dei tok flyttelasset med seg frå Stavanger og heim til Åkrafjorden i 1998. Då hadde Siri gjennomført ei treårig utdanning i økonomi og administrasjon. Etter ein kveld på Gjestegården nokre år tidlegare hadde ho funne tonen med John Karsten frå Ølen og no hadde dei flytta saman i Stavanger. Han studerte, medan ho etter å ha fullført studie hadde hoppa inn i jobben som butikksjef på ein nærbutikk på Sola.

— Etter eit bygdeinitiativ kom ideen om å etablere Åkrafjordtunet, for å vise fram lokalmaten og for å få fleire gjennomreisande til å stoppe her. Under bygginga av ny europaveg gjennom Teigland blei det opparbeida ei næringstomt til formålet. Då stillinga som dagleg leiar ved Åkrafjordtunet blei lyst ut, søkte John Karsten på den og fekk jobben.

I 1998 flytta dei difor til Siri sin heimplass. Siri hadde ikkje før den tid tenkt så grundig på om ho ville inn i familiebedrifta. Sjølv om ho gjennom barne- og ungdomsåra hadde sprunge rundt i produksjonslokala, hjelpt til med pakking og bidratt der ein kunne så hadde ho aldri stilt seg sjølv spørsmålet: Vil eg ta over bedrifta? Broren Johannes hadde starta i bedrifta allereie som 17-åring og på midten av 90-talet var og søstera Marianne allereie på plass. Det var berre Siri som no måtte ta valet.

— Det blei berre naturleg at eg og starta her då. Far byrja å bli lei av det aukande administrative arbeidet og det var jo nettopp det eg hadde utdanning i. Så eg starta som dagleg leiar, i alle fall på papiret i 1998. Far var jo framleis her, og styrte nok mykje i oppstarten, men det var berre bra og til god hjelp for meg, seier ho.

Matproduksjon har strenge reglar for smittevern, her er klare linjermellom reine og ureine soner.

Siri er femte generasjon i bedrifta som har runda 150 år med historie. Det heile starta på fjellgarden Lundal oppunder Folgefonna på nordsida av Åkrafjorden. Bonden Johannes Lundal hadde på ein tur til Evanger lært seg å lage spekepølse og røykje den i eldhus, og no starta han å produsere spekepølsa Åkrafjordpølsa av blant anna eigne geiter. Sidan livet på fjellgarden vart tungvindt flytta dei ned til Mosnes i 1923. Der gjekk spekepølseproduksjonen vidare til son og soneson fram til 1966. Då flytta selskapet over til sørsida av Åkrafjorden, til Teigland der den held til i dag. Framleis blir det brukt eldhusrøyk i produksjonen sjølv om fire store moderniseringar i bedrifta har gjort produksjonen meir effektiv og oppdatert i forhold til dagens krav. Då Siri var liten budde dei saman med besto, onkel og tante og deira familie i ein vertikaltdelt bustad med produksjonslokale og butikk i kjellaren.

— Det har eg gode minne frå, me sprang i dørene til kvarandre. Me søskenbarna vart tette på den måten.

Siri ser opp til dei som skaper utvikling, om det erbedriftsleiarar eller folk på dugnad. Sjølv er ho og med iproduksjonen i tillegg til å vere dagleg leiar.

Spekematen og pinnekjøtet er truleg det Lundal er mest kjent for, men i tillegg blir det produsert ei mengde produkt som til dømes lapskaus, middagspølser og bacon. Denne dagen er Siri sjølv oppteken med pakking på fryselageret, å vere dagleg leiar her handlar like mykje om å vere med i den daglege produksjonen som strategiarbeid og skrivebordstimar.

— Tradisjonsmaten står sterkt hjå oss, me ynskjer å lage mat som har naturlege smakar, utan ekstra tilsetjing. Me vil lage ekte mat, som folk kan nyte i mange samanhengar.

— Me ser at kundane våre og endrar seg, dei unge ynskjer meir smak på maten, og kanskje andre smakar enn ein gjorde før. Me må heile tida utvikle oss, og tilføre nye produkt.

I stor grad finn ein Lundal sine produkt på Åkrafjordtunet og i butikkar på Haugalandet og i Sunnhordaland. Bedrifta produserer årleg produkt av 250 tonn råstoff, og kampen om å kome inn i butikkhyllene blir stadig tøffare.

— Før fekk me vere med å setje varene på plass, etter koronatida så får me ikkje det lenger. Det blir stadig tøffare å få gode plasseringar. Eigne hyller for lokalmat er i utgangspunktet veldig positivt, men har og sine utfordringar. Er du på jakt etter pinnekjøt er det ikkje sikkert du sjekkar lokalmathylla, hadde vårt pinnekjøt vore på sida av dei andre hadde kanskje valet ditt som kunde blitt meir reelt? Samstundes er lokalmathyllene kjekke for dei som er bevisste på å sjekke utvalet der først.

— Me er veldig avhengig av kjøpmennene, og dei er positive å jobbe med her lokalt, det må ein berre slå fast.

Siri lener seg tilbake i stolen på møterommet. Tidene endrar seg, og som dagleg leiar må Siri stadig tenkje nytt. Auka kostnadar, spesielt på straum, har sett sitt preg også i lokalmatbedrifta i Åkrafjorden.

På kontoret til Siri heng biletet av bestefaren som tek faste åretak i roboten. Underbildet er alle medaljane til Johs. Lundal samla. Familiebedrifta har lange tradisjonar.

— Volumet i produksjonen har gått litt ned, men sjølv om det er tøffe tider for mange kundar så er me optimistiske. Målet vårt er ikkje å bli så veldig mykje større, men å oppretthalde det me har i dag. Me er og avhengig av gode og stabile leveransar frå Nortura og Fatland som er våre råvareleverandørar. Somme gonger kan det vere utfordrande å få tak i nok kjøt, spesielt geitekjøt. I år måtte me innsjå at det ikkje var noko pinnekjøtt til påske, sidan me ikkje fekk tak i råstoff.

— Folk vil og ha meir ferdigmat, det ser me er veldig populært. Lapskausen vår til dømes, aukar stadig i volum.

Bedrifta har 9 tilsette, dersom ein «tar med pensjonisten» som Siri smilande seier. Ein stabil og dyktig gjeng som ho gir æra for at selskapet i 2021 hadde ei omsetnad på 30,6 millionar kroner og eit overskot på 1,8 millionar. Jul er høgsesongen og står for omlag 30 prosent av omsetnaden. Fjoråret ser ut til å vere nokså likt 2021, men dei auka kostnadane vil truleg vise igjen i eit litt dårlegare resultat. På sine eigne nettsider samanliknar dei spekemat med vinproduksjon. «Det er trente auge som ser, fintrimma nasar som luktar, følsomme hender som kjenner og kresne ganar som smakar seg til eit førsteklasses resultat», skriv dei.

Eg likar at folk skaper utvikling i distrikta, slik at det blir ein betre stad å bu
Siri Lundal Hustvedt

Siri kan ikkje ha besøk i bedrifta utan å tilby spekemat. Søstera Marianne har laga til eit fat som kan imponere dei fleste. Her er spekepølseskiver forma som roser, freistande ostar, druer og bringebær.

— De må bite borti, seier Siri og tar på seg den velkjende vertinnerolla på Vestlandet. Ingen gjester skal reise svoltne frå Teigland. Til våren har ho og ektemannen konfirmasjon for tredje gong. Konfirmanten ville eigentleg hatt pinnekjøt på menyen, men sidan det vart utseld blir det skinke i staden for.

— Johannes ordnar maten, slik sett er det enkelt, fortel Siri om broren og den store dagen.

Sjølv blir ho motivert av å vere med å bygge vidare på det som er gjort før henne. Det er ikkje rom i kvardagen for dei store orda, heller ikkje for å reise land og strand på nettverkssamlingar eller konferansar. Nye produkt og tankar om framtida tar dei gjerne over lunsjbordet då alle i bedrifta er samla, her er det kort veg frå leiing til tilsett, og frå ord til handling.

Sjette generasjon er allereie på plass i bedrifta, Lene, som er dotter til Marianne, har starta arbeidskvardagen sin og dermed er kanskje framtida sikra. Om nokre av dei tre jentene, Ingrid (24), Nora (20) og Sofie (15) til Siri og John Karsten blir å finne i familiebedrifta er usikkert, men ikkje utenkeleg. Dei skal få finne ut av kva dei ynskjer å gjere sjølv, utan å kjenne noko form for press.

Siri viser fram spekepølser som blir produsert med tradisjonelle metodar.

— Korleis trur du at andre vil skildre deg, Siri?

— Kanskje som tolmodig og omsorgsfull? Eg håpar det!

— Kven er du når du ikkje er på jobb?

— Eg er jo først og fremst mor kanskje, men elles så likar eg å oppleve nye ting og likar godt å ta meg ein helgetur med mann og gode venner, gjerne inkludert eit kulturarrangement, ein konsert eller teater. Me var i Oslo i haust og fekk med oss konsert med Chris Holsten til dømes.

Ingen reiser svoltne frå Teigland. Her har søster til Siri,Marianne, laga eit freistande og kunstnerisk fat medspekemat.

Skal ein finne pågangsmot til lange arbeidsdagar og stadig nye utfordringar må ein truleg ut for å få påfyll. Inne på kontoret hennar heng eit bilete av bestefaren i ein grøn robåt, han tar stødige åretak med eit fast blikk. På bordet under står ei heil krukke med medaljar frå konkurransar der spekematen frå Åkrafjorden har vunne prisar. Siri blir inspirert av folk som har vilje og kraft til å skape.

— Eg likar at folk skaper utvikling i distrikta, slik at det blir ein betre stad å bu. Om det er næringslivsleiarar, eller folk som stiller på dugnad slik at ein kan arrangere fotballcup og liknande. Me er avhengig av at folk yt til fellesskapen.

— Kva drøymer du om?

— Eg drøymer nok mest om å reise. Veit du, eg har veldig lyst til oppleve slottsferie i England. Aller helst med «Afternoon tea» og store barokk-kjolar. Det hadde vore noko.

— Så spanande, det høyres jo nesten ut som at du er spontan av deg?

— Nei for all del! Det må du ikkje skrive at eg er, då kjem familien til å reagere iallfall.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar
Foto
Hanna Maria van Zijp
FAKTA

Namn: Siri Lundal Hustveit (48)

Bur: Teigland

Aktuell: Dagleg leiar i Johs. Lundal AS

Les: Mest nyheiter i ulike medium, menogså ein spenningsroman i ny og ne.

Høyrer og ser på: Det meste av musikk,men mest i pop-sjangeren. På jobb gårdet i radio og då helst NRK Vestland, itillegg til podkast. Har veldig sansen forNRK serien «Hele historien».

Førebilete: Folk som skaper vekst, ogsom yt for fellesskapen‍

Les også:
Nav ikon
Alle saker