Siktar med presisjon

Øystein Matre (64) er i sitt ess når han går inn i si eiga boble – anten djupt inne i intrikate flytskjema eller gjennom siktet på skytebanen.

Det er sein kveld på Gardermoen. Øystein Matre har fordjupa seg i sudoku. Hjernetrimmen, der målet er å unngå like tal både loddrett og vassrett, er så engasjerande at Øystein snart forstår at siste flyet vestover er gått – utan han.
— Då måtte eg ringe dotter mi og be om overnatting. Det er slikt som skjer når eg forsvinn inn i bobla, dotter mi berre lo, seier han og vippar litt på stolen i lunsjrommet til Westcon i Ølensvåg.
— Det var jo på grunn av det eg var sein til dette intervjuet og. Eg sat i eit møte og gløymde alt anna.

Det er ikkje ein konsernsjef i dress og blankpussa sko som møter oss. Øystein serverer kaffi i papp-koppar og snakkar seg varm om energiutfordringar, industriutvikling og framtidsretta teknologi. Kleskoden er piquét-skjorte og dongeribukse, og tilsynelatande er Øystein alltid i godt humør. Øystein smiler ikkje. Han gliser. Og han gliser ofte.

Øystein er ikkje som toppleiarar flest. Inne på verftsområdet til Westcon Yards syklar han mellom avtalane som ligg like tett som kulehola i innertiaren på skytebanen. Han påstår at han jobbar mindre enn folk trur, og tar skikkeleg fri når pc-en blir lukka igjen på ettermiddagen.
— Eg er nok på når eg først er på jobb. Eg elskar å grave meg ned i detaljar, kanskje meir enn det som er vanleg for ein leiar.
— Men reiserekningar har eg slutta å levere for lenge sidan. Det har eg berre gitt beskjed om internt, seier han og ler.
Westcon Group er eit komplekst konsern. I tillegg til Yards, består det av Power & Automation, Løfteteknikk, Geo, Inspectio og Design Polen. Dei leverer løysingar til offshore, energi og maritim industri. Hexacage, eit selskap for lukka sjøanlegg for lakseoppdrett, høyrer også til. Øystein er konsernsjef, dagleg leiar i Westcon Yards og styreleiar i Hexacage. Ifølgje Proff.no har han 46 roller i næringslivet.
— Eg er ikkje så opptatt av pengar eller suksess slik sett. Eg vil skape noko, det er det viktigaste. Eg vil spele dei tilsette gode og gi ros og tilbakemeldingar når det trengst. Det er viktig å motivere folk til å sjå langsiktig, det er ikkje alltid like enkelt, seier Øystein. I konsernet har Øystein ansvar for fleire hundre tilsette, og i 2023 hadde Westcon Yards ein omsetnad på nesten 1,9 milliardar, opp frå 1,7 milliardar i 2022.
— Du står bak mykje av veksten?
— Eg har kanskje pusha litt i nokre retningar, men mykje er òg tilfeldig, og handlar om å ta moglegheitene som byr seg og som passar inn i konsernet, seier Øystein.
— Er det tilfeldig, eller har du gripe sjansane?
— Tja, kanskje begge delar. Ytre faktorar som du ikkje påverkar sjølv, kan vere avgjerande for at noko blir geni-forklart eller framstår som dumt. Uansett må ein ha et godt lag med dyktige medarbeidarar som klarer å løfte oss fram til å bli gode på det me held på med.

Eg er ikkje så opptatt av pengar eller suksess slik sett.
Eg vil skape noko, det er det viktigaste.
- Øystein Matre


Mange vil hevde det låg i korta at Øystein skulle bli sjef i Westcon.
— Eg vaks opp på verftet og vart nok «miljøskadd» tidleg. Eg har nok alltid likt tal og butikk meir enn bokstavar og dikt-analyse. Det har kome med åra, så guten i meg har tatt tid å modne, seier han. Som barn laga han og kameratane cowboybyar av tankbåtrederi med avskorne oljefat som tankfarm. Den tida bygde ein framleis store supertankarar lokalt på verftet på Stord.
— Me måtte jo òg ha bank for å ha noko å rane. Pengane brukte me til å betale olje eller sand-tankarane, så økosystemet var på plass. Då tankkrisa kom, gjekk naturlegvis òg vår lokale flåte i opplag. Det er ei tid for alt. Den dag i dag er min gode talknusar Thorvald Becker og eg skjønt samde om at talet er ei større oppfinning enn hjulet, seier Øystein.

Gründerånda går i arv. Bestefaren dreiv sanduttak, faren starta med sandfrakt og bygde opp verkstaden og verftet – etter kvart kalla Ølen Skipsindustri AS – i Ølensvåg i 1963. Kontoret til faren var lenge ved kjøkkenbordet heime, og mora var ein av dei første catering-leverandørane i bygda sidan alle samarbeidspartnarar og kundar sjølvsagt måtte ha mat.
— Me høyrde historiene rundt bordet og fekk tidleg prøve oss. Sommarferiane gjekk med til å stå på lageret, køyre truck og kran.

Det er mogleg det låg i korta at Øystein Matre skulle ta over Westcon-drifta. Sjølv meiner han oppveksten og alle timane med leik på verftet var med på å legge grunnlaget.

Eg hugsar godt då dei fekk hydraulisk grabb på båtane, noko som var eit teknologisprang. Etter kvart kom gravemaskiner som me var den første i verda til å montere på ein sandbåt. Me lærte at ein kan få til mykje viss ein jobbar for det. Etter far min trappa ned var det dei eldre brørne mine Noralf og Arne som tok over stafettpinnen i Skipsen, som verkstaden gjerne blei kalla lokalt.

Øystein tok økonomiutdanning på skipsfartlinja og fekk sin første jobb i Westcon, som blei etablert med tanke på delta i den første Kårstø-utbygginga ut på 1980-talet. Etter ei tid som midlertidig leiar, fekk han jobben fast som 22-åring, og det utan å søkje på den. Øystein tyr ikkje til sjølvskryt av den grunn.
— Mogleg dei ville ha ein dei kunne forme. Eg mangla masse erfaring og hadde mykje å lære. Eg fekk god støtte frå dei rundt meg, seier han om den saka. Øystein leia konsernet fram til 2012, då det blei omorganisert og han tok over som leiar i Westcon Yards.

I dag er Westcon Yards ein leiande aktør innan skipsbygging av ferjer, offshore- og fiskefartøy, reparasjonar, skip og boreriggar, med verft i Ølensvåg, Karmsund, Florø og Helgeland. Øystein ynskjer å vere ein leiar som er tett på drifta, og prøver å reise rundt på verfta så ofte han kan. I Florø er han gjerne eit par gonger i månaden, der verftet spesialiserer seg på reparasjonar og vedlikehald av skip. Ei avdeling byggjer subsea-konstruksjonar.
— Der har me utvikla fantastisk flott verft med to tørrdokker, der éin er overbygd. Det er store verkstadhallar som er eigna for subsea-produksjon, slår han fast.
— Eg likar godt å følgje med i dei større prosjekta, sjølv om eg kan bli litt utolmodig nokre gonger når kompliserte prosessar med dei beste hensikter blir prosjektet sin største fiende. Men slik er det vel i mange samanhengar, og så går ting seg til etter kvart som ein lærer kvarandre å kjenne. Får ein gode relasjonar kjem dei igjen, tillit er avgjerande. Øystein ynskjer å halde ting enkelt, det er nok av dei som vil komplisere ting, meiner han.
— Me har en palett av ulike kundar og prosjekt som krev ulik tilnærming. Det er lett å bli reven med, me må ikkje gløyme at me er i service-bransjen, me må vere lettbeinte når det trengst og ha evne å snu oss kjapt rundt, seier han.
— Og det er heile tida ein kamp for å kunne levere med det høge kostnadsbiletet me har her i landet, me kan aldri konkurrere på timekost med eit utanlandsk verft, slik er det berre. Skal me hevde oss, må det vere på kvalitet og leveringsevne. Då er engasjement frå våre tilsette i alle ledd like viktige.

Øystein Matre er alltid på veg mot noko nytt. Han trivst med ein travel kvardag.

— Forsvaret er veldig viktige for oss framover, det er eit av fleire satsingsfelt, slår Øystein fast. Westcon har inngått fleire rammeavtalar med Forsvaret, særleg knytt til Kystvakten og Sjøforsvaret. I 2020 blei ein avtale for sju kystvaktskip fornya med sju år, og i 2024 kom ein ny kontrakt på vedlikehald av 16 fartøy; 12 kystvaktskip og nå sist fire fregattar. Fregatt-avtalen har perspektiv over 17 år og vil over tid bety milliardar i omsetnad for Westcon.
— Det er prestisje for oss å gjere ein god jobb. Å ha Kongsberg Gruppen som samarbeidspartnar, gir tryggleik. Dei leverer systemintegrasjon, våpen og sensorsystem, medan me tek oss av mekanisk, teknisk og strukturelt arbeid.
— Me vaks opp med skipsservice, medan rigg og offshore kom etter kvart. Me vart føretrekte fordi det var lett å få utført jobbar hos oss, det må me ikkje gløyme etter kvart som me veks og verksemda blir meir samansett. Igjen må ein halde ting så enkelt som mogleg. Og det rører seg mykje aktivitet som skaper vekst i konsernet. Westcon Subsea har i dag store oppdrag for Equinor, Aker BP og Vår Energi. Westcon Power & Automation leverer løysingar til el-baserte skip og hydrogenferjer.
— Det grøne skiftet kjem, og er viktig for oss. For skip og riggar handlar det mest om energi-effektivisering med blant anna batteriløysingar, men me har vore med i pilotar som hydrogen og brenselceller. Men olje og gass vil vere relevant lenge enno, for andre drivstoff-moglegheiter ligg endå langt framme for maritim sektor.

Øystein Matre går ikkje av vegen for adrenalin-rush og ei utfordring. Her heng han tett i veggen.

Noko anna som vil vare i lang tid, er kampen om bestetid på Haukelirennet. Den årlege konkurransen mellom far og dei to sønene står ved lag, sjølv håpar Øystein at han er å finne i skiløypene også som 90-åring.
— Det må jo vere eit mål. Det handlar om å halde seg aktiv, eg likar det. Når skisesongen er over blir det turar med fjellsko, fiske i fjorden og jakt. Øystein er konkurransemennesket som sjølv meiner han er middelfarar i det meste. Han ser lite på TV, men får til gjengjeld igjen tid til dugnadsinnsats på skytebanen eller ein treningstur før jobb. Aller best likar han seg på skytebanen. Det er nemleg her han finn den største roen, konsentrasjonen og pusteteknikken, det er her han kjem i bobla. Når han har lagt seg ned på skytematta finst ingenting anna rundt han – berre han, våpenet og blinken.
— Heile greia skjer mentalt i hovudet. Viss du klarer å ha kontroll på kroppen og puste rett vil du og skyte betre, det er ekstremt god fokustrening. Eg har skytebane i kjellaren og står ofte der og skyt luftgevær om igjen, og om igjen. Atter ein gong handlar det om detaljar. Slik er det også i næringslivet, meiner Øystein. Ein må ha fokus på det viktigaste for å bli best.
— Eg forstår jo at ikkje alle er lika gira på det alltid. Eg skulle lære barnebarna mine å slutte å ploge svingar i slalåm-løypa. Svaret eg fekk var «bestefar, du er så irriterande. Me renn jo berre rett ned». Det same skjer når eg skal forklare sol- og månefasar, då seier dei: «bestefar, me har høyrt nok».
— Ikkje så enkelt å vite kva ein skal svare då. Men eg kan òg slappe av, eg likar lange helgefrukostar, eg òg. Det er godt å kunne søle vekk tida somme gonger. Livet er som ein karusell der åra går fortare og fortare fram til sentrifugalkrafta kastar deg ut i all æve for å sortere i skrifta. Då gjeld det å ta vare på dei stundene der du mest av alt ynskjer at tida skal stå stilt.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar
Foto
Hanna Maria van Zjip
FAKTA

Namn: Øystein Matre(64)

Bur: Ølensvåg

Les: Mest nyttig og unyttig vitskap, historie og humor. Gode dikt i ny og ne, Olav H. Hauge frå Ulvik får sagt mykje med få ord. Har og samla eit bibliotek med mange av dei store norske klassikarane som eg skal kose meg med når eg blir pensjonist. Så langt må eg vedgå at det stort sett avgrensar seg til ymse hefter av «Lucky Luke» som er lest frå perm til perm.

Høyrer og ser på:  Vitskap, historie og høyrer mykje på NRK som har mange gode podkastar, og så blir det mykje musikk ut på kvelden.

Høyrer ikkje på: Politikarar med ideologi som skuggar for å setje dei «gode» hensiktene i ei større samanheng på godt og vondt.

Førebilete: Alle dei gode tenkarane opp igjennom tidene som har stilt spørsmål og undra seg over dei store samanhengane andre ikkje såg, og som var konfliktfylte i forhold til religion og den tids lære. Prega av vår tid, kjem ein ikkje utanom Albert Einstein som til slutt beviste (det alle visste); nemleg at alt heng saman med alt. Gjennom relativitetsteorien gav han oss innsikt i universet- og energien si verd.

Les også:
Nav ikon
Alle saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.