Sjå TempomagasinaBilete av Turid Berge-Olsen

Betongdronninga

Turid Berge-Olsen (43) stoler ofte på magekjensla når viktige avgjersler skal tas. Det har vist seg å gi suksess for HR-leiaren i Ølen Betong.

Turid Berge-Olsen har vakse opp blant betongrøyr og blandeverk. No er ho ein av dei som tek arven vidare.

Turid Berge-Olsen stiller i knallgrøn dressjakke denne dagen, noko som neppe er tilfeldig viss ein tar Ølen Betong-logoen ibetraktning. Møtebordet er fullt av grøne reiseeffektar etter selskapetsin firmatur til Palma. 350 tilsette var på tur, og sjølvsagtvar HR-leiar Turid reiseansvarleg. Såpass må ein unne seg når ein feirar 50 år i bransjen.

— Turen gjekk kjempefint, og eg har vel sjeldan vore så roleg. Det kjem med alderen det der, eg stressa meir med såntfør, seier ho.

På bordet ligg kvite stråhattar som vart delt ut under festmiddagen, bagasjelappar som sonen har brukt ettermiddagarpå å setje saman, solkrem med logo og på stolane rundt møtebordet heng grøne «flysetelappar».

Det var heilt naturleg at eg skulle jobbe her
Turid Berge-Olsen

— Eg skjønar jo ikkje heilt kvifor eg tok dei med meg heim,men eg tenkte eg kunne sikkert bruke dei til noko. Turid ler godt og ristar på hovudet. Det skal vise seg å bli mange slike låttar i løpet av intervjuet. Fotografen ville gjerne ha Turid ut av jobb-sona. «Kor går dunår du skal slappe av og hente deg inn igjen», var spørsmålet.

Turid sjølv ser ut som ho ikkje forstår spørsmålet ein gong, og ein kan nesten sjå korleis topp-etasjen jobbar for å finne ein eller anna lokasjon som kan minne om fritid og avslapping.

— Tja, eg har jo blitt litt glad i hagearbeid etterkvart. Deler eit drivhus med naboen, der eg dyrkar chili og diverse grønsaker, men der er det ikkje klargjort nok til å ta bilete no. Og så har me hytta vår på Hervik, der er det fint, men litt langt å køyre for eit bilete? Men det er nok her eg er mest, seier ho. Ho set seg sjølv raskt i båsen med dei «som likar å jobbe mykje», ho tel ikkje timar, men tar seg ein fripause på ferietur når ho har lyst.

— Påskedagane var heile familien i jobb her. Då demonterte me eit kjøkken, dette er eit fellesprosjekt, seier ho som deler eigarskapet i bedrifta med dei to brørne sine: Svein Atle og Eiolf.

— Det handlar mykje om jobb for oss alle tre, men me drar det ikkje så veldig med oss inn i familielivet. Me likar godt å vere lag på fritida og, det har og vore pappa sitt håp heile tida: at me må halda på vennskapet.

Pappa er Ølen Betong-gründer Atle Berge. Han har mykje av æra for at Ølen Betong i dag er marknadsleiande på ferdigbetong, betongvarer og betongelement i store deler av landet.

Fellesskapen rundt matbordet er viktig for Turid, her går drøsen i alt anna enn jobb.

No fortel Turid at mange selskap sjølv tar kontakt for å høyre om det er mogleg å bli ein del av konsernet.

— Det har endra seg det der, mange kjenner nok på at dei blir for små i forhold til dei krava som kjem, og korleis ein mårigge seg for å nå fram i marknaden. Då er det nok lettare å vere ein del av noko større, meiner ho.

Atle Berge er også mannen som i 2007 investerte i blandeverk i Murmansk i Russland. Ei satsing som kom i russisk søkjelys, på grunn av det Berge meiner var kontakt frå norske styresmakter for å sikre seg informantar i Russland. I seinare tid har Murmansk-satsinga blitt utskilt frå Ølen Betong, no driv han dette vidare åleine. Tida etter krigen mellom Russland ogUkraina starta opp har og vore ei krevjande tid for betongsatsinga i Russland, og mange har meint at Atle Berge er for Russlands-vennleg.

— Korleis er det å ha ein så frittalande far?

— Kommunikasjon er krevjande. Eg forstår ofte kva pappa seier og kor han kjem frå, men det er leit når han blir misforstått eller pålagt meiningar. Det er jo kanskje slik med eldre menn: dei snakkar og så tenkjer dei lite på konsekvensane?

— Generasjonsskiftet er gjennomført og no er det me tre søskena som eig og driv dette. Og våre barn er jo snart store, det er allereie snart tid for å tenkje på korleis me skal ta dette vidare.

Ølen Betong AS vart etablert i 1974 som et samarbeidsselskap mellom Berge Cementstøperi og Sunnhordland Støperi & Bygg, begge selskap som hadde produsert betongvarer sidan 1950-talet. I 1977 flytta Ølen Betong AS inn i produksjonslokalet på Bergsneset i Ølensvåg. Bedrifta inngår i Nordic Concrete Group, som er landets største produsent av betongprodukt. For Turid har arbeidsplassen alltid vore der, som ein slags SFO-erstatning og seinare plassen der ho fekk sin første sommarjobb.

Eg hugsar veldig godt min første lønnsslipp i nåleprint, der mamma hadde stappa oppi ein 100-lapp. På lønnsslippen sto det «laga til møterom og kokt kaffi»
Turid Berge-Olsen

— Eg hugsar veldig godt min første lønnsslipp i nåleprint, der mamma hadde stappa oppi ein 100-lapp. På lønnsslippen sto det «laga til møterom og kokt kaffi», eg hugsar eg følte meg heldig sidan dei andre ikkje fekk pengar inni på den måten, seier Turid og smiler. Mora var også delaktig i drifta, fram tilho starta eigen karriere i FixProfil. Selskapet som Turid kallar «hoffleverandør» av effektar og arbeidsklede.

— Pappa meinte at eigentleg burde me hatt litt mindre i timelønn enn andre, sidan me hadde så god tilgang på jobbane. Det er litt synd at me ikkje kan tilby jobbar som dette til ungdommane som ynskjer det. No går det meste på data, så arkivering, makulering og kopieringsoppgåver finns ikkje lenger. Også utearbeid er vanskelegare nå enn før. Me køyrte både truck og hjullastar i «tenåra», men det går ikkje i dag. Sjølv lærer ho og mannen, Øystein, begge gutane sine å jobbe for pengane. Minstemann på 14 skal ha sommarjobb i kantina til Ølen Betong i sommar, medan eldstemann på snart 17 er heldig og har fått diverse måleoppdrag her, samt nokre vaktmeisteroppgåver hjå Omega 365.

— Han er faktisk den første i storfamilien som tar ein praktisk yrkesveg, resten av oss er jo stort sett økonomar, seier ho og ler.

På kontoret har ho bilete av seg sjølv som liten, sitjande på fanget til onkel Monrad. Han var økonomisjef i selskapet, men gjekk bort i 2018. Det var her i gangane Turid lærte om arbeidsmoral og innsats. Heile tida kjem ho tilbake til at ho er vane med å «ta ansvar».

— Det betyr ikkje at me vart pressa til å gå inn i dette. Eg trur aldri at eg tenkte så mykje på at eg skulle eige i bedrifta då eg var yngre, men det var heilt naturleg at eg skulle jobbe her.

Turid kom inn fulltid i bedrifta sommaren 2003, akkurat då Ølen Betong for alvor etablerte seg i Nord-Noreg, og oppstart av Snøhvit-feltet gav betongjobb på gass-anlegget på Melkøya.

— Då var Svein Atle allereie på plass, og det hadde kome nokre telefonar der han lurte på når eg var klar til å starte.

Selskapet var i stor vekst då, det passa godt å starte her med han som leiar. Det låg i korta at dei tre søskena skulle jobbe skulder mot skulder. Eiolf kom inn i 2007.

— Kva kunne du tenkt deg å gjera viss det ikkje blei Ølen Betong-jobb på deg?

— Ja, det er jo litt vanskeleg å sjå for seg. Men eg trur eg ville gjort noko kreativt, kanskje noko grafisk? Form og estetikk interesserer meg. Og språk!

— Veit du – eg hadde ei brev-veninne då eg var lita, me utveksla brev på barneskulen som me las heime og svara på. Ho har fortalt at ho fekk eit av sine brev i retur frå meg med korrektur på skrivefeil med rød penn. Det seier jo litt, og er eigentleg ganske flaut, seier Turid og ristar på hovudet.

Under firmaturen til Palma fekk Turid sin eigen song frå gjengen på kontoret, songen var signert og framført av Jon Niklas Rønning og i siste vers ventar dei i spenning på kor mange skrivefeil Turid har funne. I songhyllesten kallar gjengen henne ein «skikkeleg helt», som er «dyktig, fleksibel og best på sitt felt». Dei avslører også at ho «elskar karaoke og har sports-BMW».

— Du likar fart og spenning?

— Ja, det må eg vedgå. På besøk i nord i vinter fekk eg den største og tyngste snøscooteren då me skulle på tur. Etter kvart fekk eg bytta til meg ein mindre som gjekk ganske mykje raskare, han som lånte den til meg fekk ikkje den tilbake for å seie det slik.

— Er du modig, og hiv deg raskt ut i ting?

— Eg veit ikkje det, men eg stoler veldig godt på magekjensla, så eg treng sjeldan lang tid på å bestemme meg. Det gjeld både shopping, kva turar me planlegg eller på jobb.

Lang tid tok det heller ikkje før ho og mannen Øystein vart kjærastar. Ho fann mannen i sitt liv allereie som 13-åring, etter eit danse-kurs visste ho at den to år eldre Ølensbuen var den ho skulle satse på.

— Øystein var gitarist i Ten Sing, og ein kul fyr som ikkje tok seg sjølv så høgtideleg. Me er ganske sjølvstendige begge to, trur nok deter noko av det som har gjort at dette har vart. Eg er glad me ikkje hadde sosiale medium på den tida, det er ikkje så lett å ha kontroll på kor den andre er når du må ringe. Han fekk seg tidleg personsøkjar, men han ringde jo sjeldan opp igjen. Me hang absolutt ikkje saman 24-7.

— Eg har aldri følt på at eg har gått glipp av noko sjølv om me vart ilag tidleg. Me har gjort det me ynskjer begge to, og familielivet er me to om. Eg kan faktisk ikkje seie at me kjenner på denne tidsklemma så veldig, då ingen av gutane våre har farta så mykje rundt på organiserte

aktivitetar, så me har ikkje vore så låst til treningstider og køyring her og der.

Ho har aldri jobba redusert, med unntak av eit år på Gran Canaria og ein periode der ho kom tilbake frå permisjon tidlegare enn planlagt.

Turid ynskjer at dei tilsette skal føle at dei kan kome innom kontoret hennar med deistrevar med. Sjølv drøymer ho om å reise meir rundt på avdelingan

Oppgåvene er mange og varierte, HR-ansvar, marknadsføring, sosialt liv på jobben og rekruttering for å nemne noko. Som leiar for dei på personalavdelinga er ho opptatt av føresegelege arbeidstider, dei skal ikkje jobbe døgeret rundt sjølv om eit bedriftsoppkjøp kjem bardust på. Sjølv er ho sjeldan avlogga.

— Eg som mange andre, har gjerne PC med på ferie, og er tilgjengeleg på telefon, men eg er blitt flinkare til å ta litt fri innimellom og. Det kjem stadig nye lover og krav innanfor HR-faget og, nå sist endringane for ansatte i selskap som tilhøyrer konsern. Det gjer straks alt blant anna rundt bemanning litt meir omfattande og tidkrevjande.

— Då hender det eg tenkjer at eg heller skulle tatt meg meir av marknadsføringsoppgåver eller arrangement, men så er det vel tross alt blandinga av mykje forskjellig som gjer jobben interessant.

— Eg har tenkt lenge at eg må få tid til å reise meir rundt på avdelingane for å treffe tilsette.

Det er jo HR-arbeid det også, å sjå korleis det står til med dei kollegaene du ikkje treff i lunsjen.

— Er du typen som kan namnet på alle tilsette?

— Nei, men det er ikkje så mange år sidan eg kunne det. Eg er nok framleis den som kan flest namn i bedrifta, trur eg.

På kveldstid går det litt i trening, samt fjelltur med kollegaer frå kontoret. Ho går i to «klubbar», altså veninnegjengar som treffest jamnleg, og slik får ho det sosiale behovet stetta. På jobb er ho glad alle framleis kan bli invitert på same firmatur, sjølv om logistikkjobben er stor når ein har avdelingar over heile landet.

— Det er litt styr og ein del arbeid, men verdt det når folk er så fornøgde. Denne turen kunne me overraske med privat Åge Aleksandersen konsert, eg såg fleire med blanke auge då han entra scena, så det var kjekt.

Så var det dette med ansvarskjensla då. Som medeigar i Ølen Eiendom og styremedlem i Christiansen Bakeri, kjenner ho på ansvaret for å få dette til å gå rundt, og at senteret har eit kafetilbod tilgjengeleg. Det kan og godt tenkjast at du ser henne bak disken, ein kveld bakeriet opnar for uteservering i sommar.

— Eg er blitt flinkare til å tenkje at eg ikkje kan gjere alle til lags, det stikk ikkje så djuptsom det gjorde før viss eg ikkje når over alt. Men ein skal ta folk på alvor, søkjer du etter nye tilsette til dømes så skal du ha tid til å fylgje dei opp. Det er mange sterke bedrifter her lokalt, så konkurransen er sterk uansett

om ein søkjer etter folk til Ølen Betong eller ny dagleg leiar til bakeriet.

— Eg håpar at folk ser på meg som ei som lyttar til dei når dei kjem innom meg, det skal vere rom for å snakka om det meste på kontoret mitt.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar
Foto
Hanna Maria van Zijp
FAKTA

Turid Berge-Olsen (43)

• Bur i Ølensvåg

• Utdanna økonom og jobbar i dag som HR-leiar i familiebedrifta Ølen Betong. Der jobbar ho og tett med brørne Svein Atle og Eiolf Berge.

• Gift med Øystein Berge-Olsen,og har to sønner på 14 og 17 år

Les også:
Nav ikon
Alle saker