Sjå TempomagasinaIvar Samland Tendal (18) har vore i lære hjå Samland Maskinservice sidan august 2020.
Ivar Samland Tendal (18) har vore i lære hjå Samland Maskinservice sidan august 2020.

Får ta ansvar

Ivar Samland Tendal (18) har snart vore to år i lære hjå Samland Maskinservice og ser fram til å gå over i fast stilling etter bestått fagprøve som landbruksmekanikar.

Tendal er i ferd med å ferdigstille feilsøking og reparasjon av Power take off (PTO), kraftuttaket som ikkje virka på ein traktor, som gjer at kraftutdrive reiskap ikkje fungerer optimalt.

– Det eg driv med, er kjekt, fortel han. Når eg feilsøker finn eg ut om det er det elektriske eller mekaniske det er noko gale med. Han trivst som lærling og likar utfordringar og finne ut av ting sjølv. Det meiner han er eit fortrinn med å vera lærling i ei lita bedrift.

- Her får eg lov å vera innom mykje forskjellig og eg får ta ansvar.
Ivar Samland Tendal

– Det er lettare å læra når eg får gjera jobben sjølv, og så spør eg om eg treng hjelp eller er usikker på noko.

Det nærmar seg fagprøve, og etter den er bestått er målet å bli verande i bedrifta han har hatt læretida i.

– For meg er det ikkje aktuelt med offshore-turnus. Til det er eg for rastlaus, eg likar ikkje sitte i ro, smiler han.

Fredrik Samland skipa Samland Maskinservice i 2020 og er læremeister til lærling Ivar Samland Tendal

Fredrik Samland er eigar av bedrifta og læremeister for Tendal saman med landbruksmaskinmekanikar Even Stensrud. Han fortel at han har behov for fleire folk, og vurderer å ta inn fleire lærlingar. Samstundes ser han at det krevst mykje eigen innsats og vilje til å læra og stå på skal ein passa inn som landbruksmaskinmekanikar-lærling.

– Det er viktig for oss at einlærling er sjølvgåande og tør å tenke sjølv. Dei må og handtera kundedialog og ha stor interesse for faget. Og så må ein vera fleksibel og vera klar for å ta i eit tak når det trengst.

Sidan 2018 har Samland Maskinservice vore under same tak som Norsk Maskinformidling. Dei flytta inn i lokala nede på kaien, på den tidlegare Hundhammer Transport-tomta i Ølen, i årsskiftet 2018–2019. Her er det god plass inne, og ute er det utarbeidd ei stor kai med Ølensfjorden rett ut, om nokon vil ta turen via sjøvegen.

– Det er jo jækla sentralt, smiler Fredrik Samland lurt. – Eg må jo innrømma det. Til å vera Stordals- og etnebu sit det langt inne å innrømme at plasseringa han har er ganske gunstig.

Landbruksmaskinmekanikaren har kundar i heile distriktet som gjer utgangspunktet i Ølen gunstig.

– Me opplever å få stadig nye kundar, det har vore eit jamt tilsig sidan oppstarten i mai 2018, fortel Samland. – Det er ei stor kundegruppe i Etne, Kvinnherad og i Vindafjord og i tillegg har me kundar frå Haugalandet, Odda og nokre frå Hardanger.

Samland har sjølv gått utdanningsvegen som lærling. Han gjekk på teknikk-, industri- og produksjonslinja (TIP) på Tesdal i Etne frå 2007 og fekk læreplass på Eik-senteret Haugesund som mekanikar. Der blei han i sju år etter endt fagprøve i 2011. Ein del år pendla han frå heimstaden Stordalen i Etne, men fekk etterkvart servicebil, slik at han starta arbeidsdagen heimante.

Etter ei tid melde lysta til å starta opp for seg sjølv, og i august 2020 fekk han med seg Ivar Samland Tendal, som hadde gått VG1 TIP ved Ølen Vidaregåande skule og VG2 TIP arbeidsmaskinlinja.

Tendal fekk prøve mekanikaryrket allereie då han var påutplassering på Eik-senteret på ungdomsskulen. Så fekk han og prøve seg hjåSamland, etter han starta for seg sjølv.

– Utplassering er med å gi ei goderfaring for dei som vurderer læreplass, understrekar Samdal. – Slik får dei lov å prøva teori i prakis. På skulen lærer ein seg det mest grunnleggande.

Og Samland, som relativt nyleg starta for seg sjølv, har erfart at det ikkje er noko 8–16-jobb å bygge opp eit firma, sjølv om han stortrivst med den nye kvardagen.

– Det er viktig å vera mobil og tilgjengelig, særleg på vårsesongen, fortel Samland.

– Me leverer tenestene våre opp mot både anlegg og landbruk og er uavhengige og ikkje knytt til noko kjede. Samland har og fått sertifisert seg for å kunne tilby årskontroll og årlege sertifiseringar for anleggsmaskinar.

– Her kan det vera behov for å rykke ut på seine ettermiddagar og nattetid når det til dømes er høgsesong i slåtten.

Kor mange einingar som er innom årleg tar han ikkje på ståande fot. Men samarbeidet med Norsk Maskinformidling AS aleine sørger for meir enn 300 einingar på oppdragslista årleg. Med så jamn auke i ordreflyten krevst det òg fleire hovud og hender for å halda kontroll. Samland har nyleg tilsett ein ressurs som skal ta seg av rekneskap og adminstrasjon, som vil frigjera tid for han til å bidra som mekanikar att.

Tekst
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Foto
Marcus Rødne
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker