Sjå Tempomagasina

Skal skape flyt i bedrifta

Logistikk og supply management er viktigare enn nokon gong, ikkje minst sidan verda stadig blir meir globalisert og kompleks, seier Mari Klokkerstuen Kjellesvik (24).

Mari Klokkerstuen Kjellesvik kjem frå Etne, ho studerer no til master i logistikk og supply chain management i Århus i Danmark. Internshipet i Arriva Shipping utgjer 15 studiepoeng og er ein del av utdanninga hennar. Som bakgrunn har ho språkfag frå Universitetet i Bergen og ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå Høgskolen i Bergen.

– Eg ser jo at eg har nytte av utdanninga mi her, men likevel er overgangen til arbeidslivet stor. Eg kan ikkje lese meg opp til denne jobben, eg må lære undervegs, det er først ute i jobb ein ser korleis ting faktisk blir gjort, fortel Mari og legg vekt på at logistikk og supply chain management i det store og heile handlar om å skape flyt på arbeidsplassen, alt heng saman med alt, og det er mange detaljar som skal passe inn i kvardagen.

Tre månadar skal ho vere trainee i Arriva Shipping. Her skal ho ta del i alle prosessar, frå planlegging til analysearbeid og sjå korleis det praktiske logistikkarbeidet blir utført.

– Perioden skal resultere i ei oppgåve der eg ser på kor mange skip bedrifta bør eige, og kor mange dei bør leige. Det er ei stor oppgåve, og mange faktorar som speler inn, så det blir spanande, fortel Mari.

No i byrjinga handlar mykje om å få oversikt over kundar og korleis selskapet arbeider, både nasjonalt og internasjonalt. Arriva Shipping eige seks frakteskip i reiarlaget, i tillegg leiger dei inn åtte frakteskip. Fram til 2013 heitte selskapet Sandfrakt, i dag fraktar dei mykje meir enn sand, både tømmer og industrivarer som kol og gips er store import- og eksportvarer. Arriva Shipping har om lag 130 tilsette. Tidlegare i år kom også nyhenda om at dei har bestilt eit nytt skip som skal byggjast i Kina med levering første eller andre kvartal 2021. Dagleg leiar Sindre Matre meiner trainee-perioden er nyttig både for bedrifta og for Mari.

– Då Mari kontakta oss om dette, syns eg det høyrdes kjempespanande ut. Me hadde nokre samtalar og fann ut at dette må me prøve å få til. Det er jo også ei interessant problemstilling ho tar opp i oppgåva si, slår Sindre Matre fast.

– Dei siste åra har me opplevd ein vekst, sjølv om talet på frakteskip me eig er vorten færre dei siste åra, blant anna på grunn av auka bruk av innleigd tonnasje. Dermed skal det bli ekstra spanande å sjå kva Mari finn ut, om kor balansepunktet finst og kor mykje det eigentleg er å spare på dette, seier Matre og viser til at færre skip også gir ei lettare og meir oversiktleg drift.

– Ikkje minst slepp ein unna vedlikehald, reparasjonar og andre finanskostnadar på skipet, så det er eit interessant reknestykke.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar, Omega Design
Foto
Svein Egil Økland
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker