Sjå Tempomagasina

Grisegod gardsutvikling

Bonde Johannes Silde i Etne meiner fleire bønder burde sett på seg sjølv som bedriftseigarar. Sjølv har han satsa på å utnytte garden sine ressursar maksimalt.

Johannes meiner mykje om kva som trengs for å få god utvikling i norsk landbruk. Sjølv driv han det som ein må kalle «eit stort gardsbruk» sett i lokal målestokk. På garden Bruflat driv han i dag med 200 avlspurker og sel om lag 1500 livdyr i året medan resten vert seld som smågris. Han har grising  kvar femte veke og har status som foredlings– og formeiringsbesetning. Frå garden blir det levert 80-100 testråner til test for sædproduksjon, samt eksport av levande råner til store deler av verda. Då han tok over garden i 1997 var det både kyr og gris på bruket, etter kvart tok han valet om å satse fullt og heilt på gris.

– Det var ei vurdering på kva drift me såg mest moglegheiter i, og som ville gi mest avkastning for oss, med tanke på ressursane på ein liten gard. Sjølve overtakinga av garden kom litt brått på, sidan far min døydde for tidleg, seier Johannes.

– Du må vere på hogget og stå på skal du få til noko, slår han fast.

Då var han ferdig utdanna kart- og oppmålingsingeniør og trudde han skulle få nokre år ute i arbeidslivet før det vart aktuelt med gardsdrift.

– Det låg i korta at eg skulle overta, men det skjedde raskare enn eg trudde. Tregar ikkje på det, eller på utdanninga. Sjølv om det stort sett er studielånet eg hadde igjen etter den, seier Johannes og ler godt.

Han er kjent for å satse, og for å bygge garden som bedrift. Stein på stein har gardsdrifta vakse i omsetnad og overskot, i dag har han to tilsette på fulltid. Noko som sikrar Johannes og familien fri i helger, kveldar og feriar. Det er eit heilt anna liv enn den driftsforma han starta opp med.

– Det kjekkaste opp gjennom åra har vore å utvikla verksemda maksimalt ut frå føresetnadane. Eg likar å setje meg mål, både kortsiktige og langsiktige, det handlar om kor bedrifta skal vere om eitt, fem eller 10 år, alt ut frå det handlingsrommet ein har.  

– Me som bønder må bli flinkare til å sjå på oss som bedriftseigarar og handle deretter.

Johannes trur på moglegheiter i landbruket framover, men det vil krevje meir og meir kapital for å henga med i utviklinga. Han trur det ofte går i hop for dei som er etablerte, men at det er tøft å starta frå botnen med investeringar i dag for unge utan eigenkapital.

– Men me treng vel mat i framtida og? Ein er avhengig av goodwill i befolkninga og politisk støtte. Eg syns det har vore motiverande å få vere med å eksportere norsk genetikk til heile verda. Det byggjer sjølvtillit om at me gjer noko rett og produserer eit ettertrakta produkt på grunn av høg helsestatus, langsiktige mål i avlsarbeidet og god dyrevelferd. Det er viktig for meg, seier Johannes og viser til at bransjen var i sterk storm når NRK sendte dokumentaren som viste dyrevelferdsbrot i grisenæringa.

– Media var på døra her tidleg morgonen etter, det er ikkje noko kjekt at bransjen har fått det ryktet. Men det er og viktig å vise at det ikkje er normalen.

Då Johannes tok over garden var det om lag 48 mål med dyrka jord, i dag disponerer han om lag 300 mål inkludert leigd areal. For nokre år sidan valde han også å satse på sauer, som han har hatt på fjellbeite i Etne- og Saudafjella. I dag er det sonen Eirik på 17 år som har overteke den delen av drifta.

Mais-produksjon er eit artig sideprosjekt, Johannes er ikkje redd for å prøve noko nytt.
Først og fremst har Johannes satsa på gris på garden sin, det har gitt resultat.

– Det er modig som 17-åring?

– Ja, men han likar dette, og ser på det som ein jobbmoglegheit. I vår kunne eg reise til fjells og slappe heilt av i lemminga, han tok heile ansvaret. Det var herleg, og han sit faktisk igjen med litt timebetaling på dei 60-70 sauene også, fortel Johannes og viser dermed at han i motsetnad til mange andre bønder faktisk tenkjer timebetaling.

– Ein må sitje igjen med noko, ein kan ikkje berre slite seg ut og så ikkje tene noko. Eg er i 50-åra no, det blir stadig viktigare å kunne slappe litt av og leve livet. No har me til og med fått oss hytte på Haukeli, og prøver å koma oss vekk så ofte me klarar. Eg tenkjer det er haustetid no etter den satsinga me har hatt, eg kan gjere dette sidan eg driv såpass stort og har dyktige folk i arbeid.

Dei siste 25 åra har han i snitt hatt utbyggingsprosjekt kvart femte år, og meiner sjølv han totalt har investert om lag 20-30 millionar kroner. Bonden i Etne har gitt seg med grasproduksjon og konsentrerer seg berre om griseavl, no leiger han ut mesteparten av den dyrka jorda. Men noko litt uvanleg veks rundt garden, han er nemleg ein av bøndene som er med i eit testprosjekt for å dyrke mais som skal brukast til dyrefor. Om lag 50 mål har Johannes sett av til mais-produksjon som er lite ressurskrevjande for hans del.

– Her kjem dei med spesialmaskiner både for såing og snitting av maisen, før resultatet hamnar i store plansiloar. Det er andre året me prøver på dette, i år var resultatet dårlegare enn i fjor som var eitt kronår. Mais er sårbart med tanke på varme og korleis sommaren og hausten blir.

Livdyr med høg helsekvalitet har blitt eit ettertrakta produkt i heile landet, og omsetnaden veks jamt og trutt og er nå komen opp i 16 millionar.

– Det passar jo litt dårleg med at eg seier eg vil trappe ned, men det vil eg eigentleg, og jobbar med saken. Men dette er ein prøvelse sidan det er mykje å passa på. Eg er ikkje så oppteken av om ungane vil overta, vil dei ta over er det sjølvsagt kjekt, og vil dei gjere noko anna er det og fint. Eg har skapt arbeidsplass til meg sjølv og to til, eg er ikkje nostalgisk på det.

– For meg er det viktig å vere ein god motivator for dei som jobbar her, slik at dei har lyst til å vere med å utvikle dette vidare.

– Kva drøymer du om vidare?

– Når ein jobbar med gris er det viktig med god kvalitet, så det er alltid eit mål: At ein skal produsere og selje topp kvalitet over tid, og samstundes ha ein kjekk og leveleg kvardag.

Johannes har stått i spissen for sanering av alle svinebesetningar, og auke delen med SPF-gris, noko som er den høgaste helsestatusen grisen kan få. Her blir det tatt jamlege prøvar for å sikre at grisene er frie for diverse smittestoff, samt desinfisering og sanering av bygg.

– Det er jo ein grunn til at Etne blir kalla grisebygda. Me har jobba strategisk med dette, og no har alle svinebønder i Etne statusen som SPF-produsent. Det er stas.

Tekst
Foto
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker