Sjå TempomagasinaBilde av Nina Kristin Haugen
Nina Kristin Haugen driv Etne Hudhelseklinikk og er stolt over å ha bygd opp sin eigen arbeidsplass.

Draumen om eiga bedrift

– Våg å realisere draumen din og sats på kvalitet framfor kvantitet, er eit av tipsa frå Nina Kristin Haugen til dei som sit med ein gründerdraum i magen.

Nina Kristin Haugen har bakgrunn som sjukepleiar og i 2016 vart ho ferdig utdanna kosmetisk dermatologisk sjukepleiar ved Senzie Akademiet i Drammen. I dag driv ho Etne Hudhelseklinikk, der ho tilbyr både behandlingar og sel medisinske hudpleieprodukt. Mange kjenner også den driftige dama frå tida ho dreiv b.young-butikken på Etne Senter, i tillegg til at ho saman med mannen driv gard med griser og sauer. Ho er klar på at hardt arbeid og god økonomistyring er nøkkelen til suksess.

– Noko av nøkkelen for å få ting til er at eg er sjølvstendig, og at eg ynskjer det aller beste for kundane mine, utan kundane stoppar jo alt opp. Eg lar meg sjeldan rive med, det er viktig å halde seg til budsjett. Ein må vite kven kundegruppene er og kunne gi dei eit tilbod dei ynskjer, og vere tru mot konseptet sitt, seier Nina.

– Eg ser at menneskekunnskap og omsorg for folk er godt å ha med seg som næringsdrivande. Ein må ha respekt for kundane og dei skal kunne stole på at ein vil det beste for dei.

Nina er stolt over at ho har skapt sin eigen arbeidsplass og har mange råd til dei som no sit med ein draum om å realisere eiga bedrift. Ho meiner det er viktig å ha kunnskap om det du jobbar med, og at ein har kjennskap til kva målgruppe ein skal rette seg mot og kva dei ynskjer.

– Eg klarer ikkje å selje noko eg ikkje har tru på, eg må vite at behandlinga eller produkta er gode før eg kan selje dei. Det er og noko eg set pris på hjå andre.

Konseptet må og vere gjennomført, delikat og ryddig. Folk må få god oversikt over kva du sel eller tilbyr, og det må vere ein fin stil over det, slik at folk får lyst til å kome tilbake, meiner ho.  

– For meg er det viktig å skape ei så god oppleving for kundane at dei ynskjer å kome tilbake. Eg som er sjukepleiar i botn er naturlegvis også oppteken av teieplikt og omsorg for dei som er innom, seier Nina og viser til at kundane hennar er varierte i alder og har ulike utfordringar.

– Det kan vere alt frå ungdommar som slit med urein hud til eldre eller småbarnsforeldre som ynskjer eit avbrekk med velvære. Her skal det vere rom for alle.

Ho har lang og variert arbeidserfaring, både som sjukepleiar og lærar ved Helse- og sosialfag ved Ølen vidaregåande skule, før ho i 2006 fekk spørsmål frå Morten Helland om ho ville starte butikk på det nybygde kjøpesenteret i Etne. Nina tok sjansen.

– Eg likar utfordringar, og tenkte at dette kunne kanskje vere noko for meg. Det var veldig kjekt å bygge opp noko frå botnen av.

Venner og familie støtta opp om oppbygginga av butikken, det vart seine kveldar og mange arbeidstimar. Ingenting kjem gratis, og skal ein få til noko må ein vere litt sta, meiner Nina. Butikken skulle vise seg å bli ein suksess, og godt tatt i mot av kundegruppa. I 2013 selde Nina butikken, ho ynskte nye utfordringar og byrja å tenkje på kva ho skulle vidare. Det var på tide med eit nytt skifte i kvardag.

– Det var på tide å gjere noko anna, eg tok pengane eg fekk for butikken og sette dei i banken. Dei skulle eg investere når eg hadde bestemt meg for kva eg skulle gjere vidare, fortel Nina og legg vekt på at det er viktig å ha økonomiske midlar til å kunne satse, i tillegg til at ein må tenkje seg om korleis ein kan drive åleine og likevel vere rusta for sjukdom eller andre kriser.

– Ein må tenkje på forsikringar og korleis ein kan vere sikra inntekt i vanskelege situasjonar også. Det er mange ting ein støter på som gründer som kan virke overveldande i starten, då kan det vere godt å søkje hjelp frå apparatet rundt, meiner Nina og viser til at marknadsføring og promotering er tema som kan vere utfordrande for mange.

Nina starta nettside og blogg medan ho studerte dermantologi i Drammen. Medan ho var under opplæring byrja ho også etterkvart med behandlingar.

– Dette førte til at mange fleire blei kjende med meg og kva eg kunne tilby, og mange av dei som byrja å gå hjå meg på den tida er framleis med meg no.

– Og ikkje minst vart eg kjent med kundegruppa mi, og fann ut meir om kva dei ynskte, slår ho fast.

Ho meiner bloggen var eit godt utstillings-vindauga for kompetanse og kunnskap om ulike behandlingar og produkt.

– Hudhelse og velvære har alltid interessert meg, ikkje fordi at folk skal endre på utsjånaden sin, men for at dei skal få sunnare hud og føle seg vel. For meg er det veldig viktig å kunne ta kunden på alvor.  

Nina brenn for dei som har hudproblem, og som treng behandling for at kvardagen skal bli lettare. Ho har valt vekk ein del behandlingar som ho meiner stimulerer til usunt fokus på utsjånaden, og fokuserer i staden på behandlingar og produkt som skal hjelpe folk til å kjenne seg vel.

– Det var ei viktig etisk vurdering for meg før eg kunne starte opp med behandlingssenter, eg måtte kunne stå inne for det eg tilbyr. Bakgrunnen min som sjukepleiar fører også til at eg kan bistå med rettleiing når ein bør søkje legehjelp og så vidare. Det er verdifullt her.

– No driv eg med noko som er fagleg interessant for meg, men heile yrkesvegen min har vore med på å legge til rette for at eg vågar dette. Som lærar lærte eg å formidle og våge å stå framfor folk, i butikken lærte eg mykje om økonomistyring og som sjukepleiar fekk eg med meg empati for folk og fagkunnskap. Alt er nyttig å ta med seg vidare.

Ho ser at folk set pris på tilbodet ho har, og fortel at folk i korona-epoken stilte opp og kjøpte produkt når dei ikkje lenger kunne bestille behandlingar.

– Folk er så lojale og flinke, og eg har ikkje har ikkje mål om å selje flest mogleg behandlingar, men derimot tilby det eg kan stå inne for og som eg meiner er bra.

Heime på garden Haugen driv Nina og mannen Einar med sau og gris. Nina er fast jordmor i fjøset under grisinga kvar sjuande veke, og i lemminga på våren. No byggjer dei ny driftsbygning for griser.

– Du må vere eit arbeidsmenneske for å få det til gå rundt, og ikkje gi deg så lett. Det er same prinsippet uansett kva du held på med. Det er jo kjekt med varierte arbeidsdagar, ein sjukepleiar kan brukast til ganske mykje, seier Nina og ler.

– Ver seriøs i det du jobbar med, bygg opp bedrifta di på ein grundig måte og ikkje gap over for mykje samstundes. Ver svolten på ny kunnskap og audmjuk i forhold til kundane dine, er tipset hennar.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar
Foto
Astrid Eidhammer Hjelmeland
FAKTA

Nina sine gründertips

Våg å satse

Gi av deg sjølv

Ha god økonomistyring

Tenk kvalitet og kunnskap

Få hjelp til det du ikkje kan sjølv

Bruk profesjonelle bilete i marknadsføringa

Ver ærleg og bevar integritet

Vis interesse og omsorg for kunden

Bruk tid på å bygge opp bedrifta di

Hardt arbeid gir resultat

Les også:
Nav ikon
Alle saker