Sjå Tempomagasina

Realiserer husdraumen

Gjerd Markhus og Morten Nilsson var på jakt etter sentrumsnære og solrike tomter i Etne. Det fann dei på Fitjafeltet.

Dermed kan dei realisere draumen om å bygge sitt eige hus i Etne. Gjerd har budd i Etne heilt sidan ho var ferdig med utdanninga i Odda, i dag arbeider ho som sjukepleiar ved Etne Omsorgssenter. Morten er opphavleg frå Røldal, i dag bur han i Bergen og arbeider med sal av datatryggleiksutstyr for Westcon Comstor.

– Kvifor Fitja–feltet?

– Fordi det er eit nytt felt med god utsikt over både Etne og sjøen. Det er gode solforhold og det er sentrumsnært. Det er også nær tilgang for å gå tur på fjellet. Samstundes så var det berre eit alternativ for tomter i Etne sentrum, fortel paret. No drøymer dei om å bygge eit moderne hus og meiner det er viktig at det blir satsa på tomter i Etne der det er kort veg til både jobb, butikkar, skule og kulturhus.

– Korleis kan ein auke tilflyttingane til kommunar som Etne?

– Kommunane må legge til rette for attraktive tomter, og ulike typar tomter rundt i kommunen. Rask saksbehandling er viktig, samstundes som kommunen må vere ein ja–kommune og ikkje ein nei–kommune i byggesaker. Gode vegar og kommunikasjon ut av kommunen er også viktig. Eigendomsskatten må helst blir fjerna, eller ein må halde den låg, meiner Morten og Gjerd.  

Paret har allereie vore i kontakt med arkitekt og utbyggar, og dei første teikningane på korleis huset kan sjå ut ligg klare.

– Vi kjem til å bruke god tid på dette sidan tomta ikkje er klar for utbygging endå, fortel dei.

Styreleiar i Tomteselskapet Etne AS, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim legg vekt på at mange har etterlyst attraktive og sentrumsnære tomter i Etne.

– Etne kommune kjøpte eit areal på Silda som var tenkt  til tomter, i tillegg var garden Store Fitja i lengre tid sett på som særs attraktivt for utbygging. Av ulike grunnar fekk ikkje kommunen gong på utbygginga, Etne tomteselskap (ETAS) vart oppretta, og har kome til semje med både kommunen og eigaren av Store Fitja om kjøp av arealet, seier Mette Heidi og legg vekt på den innsatsen lokalt nærigsliv har lagt ned for å realisere feltet.  

Feltet er påbegynt av entreprenør Bjarne Nordtveit, anleggstida er rekna til å vere om lag eit år. Etter planen skal tomteeigarane kunne starte på eigne tomter etter nyttår.  

– Dette er eit flott område, med reine kongeutsikta. Det er solrikt, og kort veg til barnehage og skule, sentrumsfunksjonar, kyrkje, kultur– og idrettsanlegg, seier styreleiaren og viser til at det også er kort veg til badestrand, fjell, fjord og turområde.

–  I tillegg har Etne markert seg med særs godt barnehagetilbod, både i kommunale og privat barnehage, høg kvalitet og alle får plass. Etne scorar også høgt på kultur– og idrettstilbod med stor variasjon i tilbodet. Dei flotte Etnefjella er godt kjende som turområde. I tillegg er det  mindre enn ein time til flotte skiområde på Seljestad og i Røldal.

Ho meiner det er behov for tilgjengelege tomter, ikkje minst sidan det er få tomter att i eksisterande felt.

– Det har vore stor interesse for tomtene. Etne har hatt folketalsauke i mange år og hus blir som regel selde kjapt, det har vore litt pressa marknad. Det har blitt bygd masse leiligheiter i sentrum, men tomtetilbodet har vore for dårleg.

– Me må ha eit variert tilbod for å få våre eigne til og flytta heimatt, eller for å tekkjast nye tilflyttarar. Der har vore tomter tilgjengeleg, men ikkje til å velje og vrake i. Eit hus er ei stor og viktig  investering for den enkelte, då må drøymehuset få ein flott stad å stå på.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar, Omega Design
Foto
Svein Egil Økland
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker