Sjå TempomagasinaBilde av Ole Strømø
Ole Strømø meiner alt kan løysast. Han brenn for å skapa moglegheiter for både kundar, teamet og folk som treng ein ekstra sjanse i arbeidslivet.

Ingeniør med interiør

Han veit kva hus og heim betyr for oss. Sjølv er Ole Strømø mest opptatt av folk.

Korleis har du det heime?

— Hehe! Ganske vanleg, vil eg seia. Mange trur kanskje me skiftar ut heile vegen, men me har det som folk flest, ganske tradisjonell stil.

Som drivar av både Princess og Møbelringen i Etne, har Ole Strømø hektiske dagar. Begge butikkar held til på Etne senter, som Ole var med og tok initiativ til. Arbeidsdagane kan vera lange, men gode.

Når Ole møter Tempo, går detaljhandelen inn i den travlaste tida i året. Mot høgtidene skjer det mykje. Hytter og heimar skal klargjerast. Gåver skal kjøpast inn. Pynten skal opp, bord dekkjast. Ole har klemt inn avtalen med Tempo etter at arbeidet har hopt seg opp. Han har nettopp vore nokre dagar på sjukehuset. Sidan 1995 har han vore innom der med jamne mellomrom.

Det kjem me tilbake til.

Nå snakkar han om heimane våre.

— Faktisk er det dei varene me sel mest av, me også har heime sjølv.

— Og kva kjøper folk?

— Nå kjem det mange flotte funkishus, der folk vil ha litt strammare stilar. Men me sel nok mest tradisjonelle møblar på Møbelringen. Det er der kjeda vår er best, seier Ole.

Heime må sengene må vera gode, fordi det er «det viktigaste møbelet me har». Elles er ikkje supermoderne interiørtrendar særleg tydelege hjå familien Strømø.

— Snikkaren har vel alltid nokre lause lister heime?

Kunnskapen om møblar sit i ryggmargen. Ole er son av møbeltapetserar Karsten, som starta møbelbutikk i kjellaren heime for nesten 70 år sidan. Ole var tidleg med. Etter kvart gjekk butikken over på vidaresal, og møblar skulle monterast og fraktast. Det var kjekt å vera med, skru på møblar, tena eigne pengar.

Etter kvart tok Ole ein annan veg. Ikkje alle veit at møbel-sjefen også er ingeniør. Med bachelor i elektroautomasjon ville Ole til Nordsjøen. Med Stavanger som base, fekk han ni fine år offshore.

— Det var kjempespennande, eg reiste verda rundt.

Det var ikkje planen at eg skulle slutta i ein så kjekk og interessant jobb, seier Ole.

Ei arbeidsulukke i 1995 fekk store konsekvensar. Det var såpass alvorleg at han mista offshoresertifikatet. Komplikasjonane gjorde at Ole ikkje kunne reisa ut til Nordsjøen meir.

Likevel kallar Ole seg heldig. Han bruker ikkje ordet «problem», fordi alt kan løysast.

— Eg kunne likegodt ikkje overlevd. I beste fall kunne eg ha vore lam. I staden har eg skader eg har kunna leva med. Totalt sett var eg kjempeheldig, sjølv om det som skjedde var uflaks, utdjupar Ole.

Hendinga framskunda overtakinga av møbelbutikken. Han hadde mest sannsynleg overtatt seinare uansett. Tidleg i 1997 var butikken hans, og same år blei dei del av Møbelringen. Arbeidserfaringa frå Nordsjøen har vore verdifull i denne bransjen også. Ole peikar særleg på evna til samarbeid, der alle drar i same retning. Det å kunna styra ei gruppe på positiv måte, har han også frå offshore-tida.

— Det har absolutt hjelpt meg med den jobben eg har i dag, seier han.

Det er klart, ulukka for nesten 30 år sidan kan prega nokre av dagane. Då er han opptatt av å yta, sjølv om det ikkje er hundre prosent.

— Du kan gjera ein god jobb viss du vil, meiner Ole.

Nokre dagar seier det stopp. Då stiller teamet opp.

— Eg har ein gjeng tilsette som er fantastiske, som veit litt om det eg har vore gjennom. Dei syr saman dei dagane eg ikkje kan gå på jobb. Alt handlar om å prøva å gjera det beste ut av situasjonen, seier Ole.

Dersom det ikkje har kome fram ennå, stemmer mistanken: Ole er grunnleggjande optimist.

— Eg trur det er noko eg har hatt med meg i alle år. Eg var slik før ulukka også. Det er viktig at du i det daglege livet kan snu på ting og heller sjå det positive du kan få ut av ting, moglegheiter og kva du kan klara. Jobben eller oppdraget kan vera utfordrande, men Ole vil heller snakka om at «her får me verkeleg bryna oss, og me få setja alle klutar til».

— I staden for dette blir eit ork, snur du på det og tenkjer meir kreativt, seier Ole.

Det tilseier iallfall all erfaring. Som snart 61-åring ser han at dei positive brillene funkar.

— Jo eldre me blir, jo meir erfaring får me. Erfaring kan ein ikkje utdanna seg til, det er noko me må få over tid. Det er ein av dei største fordelane ved å bli eldre.

Brei kunnskap, erfaring og evne til samarbeid, er noko av det han ser etter hos andre også.

—  Det er ingen hos oss som berre gjer éin ting – me må kunna litt av alt, seier Ole.

Sjølv om éin person er hovudsakleg sjåfør og tar mesteparten av leveransar til kundar, er det viktig å kunna vera med på alle moglege ting. Den på lageret, som også har ansvar for reklamasjonar, er óg med på det som skjer i butikk. I butikken har folk gjerne ulike ansvarsområde, som småvarer, lampar eller tepper, men kan også finna varer på lageret.

— Det er kanskje ikkje du som er best på akkurat det, men du kan hjelpa kunden likevel. Du opparbeider deg ein viss kompetanse med erfaring, seier Ole.  

Han er opptatt av læra undervegs og av eit utfyllande team. Ole er klar på éin ting:

— Eg er ikkje best på interiør! Eg er absolutt ikkje den som er flinkast, og lenar meg fullt og heilt på andre, seier Ole.

— Me jobbar som eitt team. Når me gjer innreiingsjobb, er me gjerne 2-3 som jobbar ilag, for å få det best mogleg, seier han.

Gjennom jobben har Ole innblikk hus, hytter og leilegheiter i regionen. Møbelringen Etne tilbyr interiørkonsultasjon, der dei gjer heile innreiingsjobben. Då endrar huset seg frå eit tomt skal, til ein stad folk kan flytta rett inn. Alt frå lampar og møblar til bestikk er på plass.

— Kva seier heimen om dei som bur der?

— Du får eit inntrykk når dei handlar, om korleis folk har det heime. Ofte har dei med teikningar eller bilete.

— Med ein del folk som kjem inn, veit du med éin gong kva modell du skal visa, seier Ole.

Det handlar ikkje om korleis folk ser ut, men signala dei gir.

— Jobben vår er å finna kva dei er på jakt etter. Då kan du snevra det inn til eit lite område om du har gjort ein god jobb i forkant, seier Ole.

— Me nordmenn er glade i heimane våre. Me tilbringer mykje tid heime. Det er kjekt å kunna vera med å bidra til at folk blir nøgde med det dei får heim, seier han.  

Ein annan ting han vil bidra med, er å ta samfunnsansvar som arbeidsgjevar. I Møbelringen Etne har det i mange år vore mogleg å få den ekstra sjansen. Alt nokon treng iblant, er nettopp det. Ole brenn for å skapa moglegheiter for folk, uansett kva utfordringar dei kan ha. Han har sett på nært hald kva meistring kan gjera med eit menneske, spesielt unge. Det kan gjera så mykje at foreldre har takka i etterkant. Ungdommen deira har blitt ny.

— Det er ikkje alle som er like gode teoretisk, men som treng erfaring med å skru og gjera fysisk arbeid. Den meistringa gjer at dei kan bli betre i skulearbeidet også. Dei får meir å gi på skulen, seier Ole.

I byrjinga startar ein forsiktig. Etter kvart som ein kjenner seg tryggare og oppgåvene gir meistring, blir utfordringane større. Det er der i det spennet folk veks. Når ungdommen kjem tilbake på skulen, er tilbakemeldinga at dei trivst betre i klasserommet. Ny kunnskap kan dryppa over på andre område. Plutseleg kjem motivasjonen.

— Fleire av desse ungdommane er vaksne i dag, og har etablert seg med gode jobbar. Det er fantastisk å sjå. Det er vanvittig givande når folk som har slite med ting, kan blomstra og komma seg vidare på ein positiv og god måte, utdjupar han.

Stemma får ein knekk.

— Eg blir heilt rørt når eg snakkar om dette her, eg har så mange gode opplevingar.

— Me har hatt inne personar som nesten ikkje har vågt å sjå på deg, og grudd seg til å komma. Etter å ha vore her nokre år, har dei fått ein sjølvtillit som kanskje er høgare enn din eigen, seier Ole.

Heile teamet er positive. Alle bidreg.

— Dette er noko me gjer ilag. Saman hjelper me dei i gang, og blir med og byggjer dei opp, seier Ole.

Kva ressursar som bur i folk, kan avdekkjast når dei får tid. Det kan vera krevjande, men alltid verdt investeringa.

— Etter kvart får ein igjen. Då vil den personen yta tilbake. Me er jo alle sånn, me kan ikkje alt i ein ny jobb. Det vil gå litt ei tid før ein er produktiv, seier Ole.

— Kan me dra nokre linjer frå di eiga ulukke til dette engasjementet?

— Eg har sjølvsagt med meg dei erfaringane eg har, seier Ole.

Han hadde kanskje ikkje trengt å vera i arbeid, men:

— Det gir meg så mykje å gå på jobb.

Det er heilt tydeleg. Dagane på Etne senter kan vera lange, men gode.

I tillegg bur han fem minutt frå jobben.

— Eit tveegga sverd?

— Joda, det er lett å dra ned ei kveldsstund. Det er plussar og minusar, men det er det med alt, resonnerer Ole.

Han ombestemmer seg. Optimisten skjer gjennom:

— Eigentleg er det berre eit pluss.

Tekst
Hanna Maria van Zijp
Foto
Kristian Risanger
FAKTA

Ole Strømø (61)

• Bur i Etne

• Bachelor i elektroingeniør og fagbrev i butikkfag

• Dagleg leiar i Møbelringen og Princess, begge på Etne senter

• Ein av initiativtakarane bak Etne senter, som opna i 2007

• Gift med Tone Lise sidan 1991

• Tre vaksne barn som bur i Stavanger

Les også:
Nav ikon
Alle saker