Sjå Tempomagasina

Byguten som blei bygdepatriot

Det må skje noko, ellers blir Egil Viker Jørgensen rastlaus. Det har bla resultert i at han er involvert i ei rekkje serveringsstader som hobby, spelar i band og har starta...

Husarbeid gjer han derimot ikkje. Det tek kona Linda Stølås Jørgensen seg av. 

– Ikkje fordi eg ikkje vil, men eg har så mykje anna å gjera på. Hagen er derimot mitt ansvar. Eg har ein skikkelig arbeidshage, ikkje mange blomar og store bed. Her er det mest frukttrær, bærbuskar, og ein plen på 800 kvadratmeter. Det tek halvannan til to timar berre å klippa plenen, så eg har kjøpt robotklippar, seier Jørgensen.

Han vaks opp og budde i Drammen til han var 17 år. Å bli kokk var yrkesmålet, og byguten drog til Vestlia Hotell på Geilo som kokkelærling. Han hadde ikkje tenkt å flytta på landet etter læretida var over, men så traff han ei frå Etne som var lærling på samme hotellet. 

– Det tok vel eit år før eg oppdaga at eg såg på Linda som noko meir enn ein kollega. Dei vi jobba saman med ga oss maks eit år før vi kom til å skilja lag. Men eg hadde funne kvinna i mitt liv, og neste år har vi 25-års bryllaupsdag. Ho er fantastisk, og eg vonar vi får minst 25 år til saman, seier Egil.

Dei flytta til Etne i 1991. Der vart Egil, berre 21 år gammal, tilsett som kjøkkensjef på Etne Hotell med ansvar for mykje anna enn kjøkkenet og. Ganske kjapt kom dottera Christine til verda, og fire år seinare Aase Marie. I mellomtida overtok Egil og Linda Sandeid kafé. 

Det var i Sandeid at interessa for gitarspeling kom til overflata. Han vart fascinert av ein kjenning som trass i at han var hardt ramma av Bechtrevs klarte å spela gitar.

– Eg var 25 år første gong eg tok i ein gitar. Han lærte meg nokre grep, og eg brukte dei til å spela ved kjøkkenbordet heime. Svigerfar Knut, som har spela i danseband i mange år, lærte meg etter kvart meir. Han lurte meg med på ein spelejobb. Eg skulle vera selskap, bera utstyr og kora litt. Då var det gjort, ler Egil.

Etter kvart overtok Egil spelejobbane, og det var mange helger på vegen i tillegg til full jobb. Med underhaldningsmusikk, som han kallar det. Musikk som folk kan dansa og synga til. Gjerne blues, rock´n roll og swing frå 60- og 70-talet. Framleis spelar han til dans innimellom, men langt sjeldnare enn før. Det var dette med å ha tid til alt.

 – Eg var med i trioen Uthuset, og vi hadde det kjekt både på øvingar om torsdagane på Joakari og ein del spelejobbar. Så kom velferdskoordinator i Westcon , Liv-Kari Bødtker og spurte om eg ikkje kunne få til noko for dei som jobbar der. Både fast tilsette og dei som var inne på prosjekt. Måndagskveldane blei sett av til øvingar, og det kom fem-seks personar kvar gong. Men øving både måndag og torsdag vart for mykje, og det enda med fusjonen No Direction. Der er vi sju mann frå 26 til snart 70 år som øver på Joakari kvar måndag og har det himla gøy. Innimellom spelar vi og til dans, sier Egil.

Egil har ein finger med i spelet i ei rekkje firma som driv med mat og servering i ulike former. Her er lista over roller i næringslivet:

Dagleg leiar i Catering Partner AS i Ølensvåg. Dagleg leiar og styreleiar i Spiseri Partner DA i Ølen. Dagleg leiar og styremedlem i Ølen Holding AS. Styreleiar i Catering Service AS i Odda. Styreleiar i Pizza Time Drift ASV i Ølen. Styremedlem i Joakari AS i Ølen. Styremedlem i Rodin AS i Etne. Styremedlem i Innkjøp Markedsføring og Salgskjede AS på Bønes

Mat, musikk og tid til ein god prat, er noko som Egil har tatt med i konseptet for serveringsstadane han har involvert seg i Ølen, Etne og Odda i tillegg til Sandeid: «Mat prat bar». Med på laget har han Tom-Jøran Johnsen. Johnsen var tidligare sjefen til Egil i Catering Partner, no medeigar, kollega og god ven med felles motorinteresse. Det siste kjem vi tilbake til.

– Eg er blitt ein skikkelig bygdepatriot. Å få til møtestadar der det skjer noko i bygdene har eg vore opptatt av lenge. No er vi komen så langt at Tom-Jøran har det som levebrød. Eg er framleis med på hobbybasis og har ikkje tatt ut ei krone for arbeidet eg legg ned. Pengar er ikkje drivkrafta, men skaparvilje og interesse. Lønna mi får eg frå Catering Partner, og innimellom går delar av den med til å dekka utgifter andre stadar. Det hender at eg går litt lei, men eg synest det er så viktig at det skjer noko i bygdene våre at eg ikkje får til å gje opp, seier Egil.

Samstundes som han innrømmer at han både har vore skuffa og litt flau undervegs. Mellom anna når gode artistar som trekkjer fleire tusen andre stader, møter fem betalande i Ølen. Då hjelper det å ha trua på at dette skal ein få til. Etter kvart har denne trua blitt omsett i at stadig fleire brukar Joakari, Rodin og Smelthuset i Odda.

Heldigvis har eg den evna at eg ikkje blir stressa. Verken på jobb eller i høve til det Tom-Jøran og eg driv med. Eller andre ting for den saks skuld. Det hender at eg kan vera litt på etterskot, men det tar eg inn i løpet av veka, smiler Egil.

Men nokre gonger finn ein at det er ting som er viktigare å ta seg tid til enn andre. Familien var i ein periode avlastningsheim for ein gut. Han var seks år første gong dei møttest.

– Å ta hand om barn som har det vanskeleg er krevande og givande på same tid. Du må ha eit trygt liv og ting i orden sjølv. Er det på plass, kan i utgangspunktet dei fleste bidra, og det er alltid born som treng hjelp og ein heim i kortare eller lengre periodar. For oss var det heilt rett då, og lønna er å vita at ein har hjelpt eit ungt menneske vidare i livet, sier Egil.

Han har langt dårlegare samvit for å ha vore mykje vekke under deler av oppveksten til døtrene. 

– Eg har snakka med dei om det, og spurt korleis det påverka dei. Svaret var at dei aldri har tenkt over at eg var mykje vekke. Eg vonar at det betyr at dei opplevde at eg var til stades for dei når eg var heime, sier han ettertenksamt. 

 Det er svært sjeldan at Egil seier nei. Og om ikkje nokon spør, tek han gjerne fatt i ting andre ikkje har funne løysingar på. Som Etne & Vindafjord Motorklubb.

Tekst
Ellen Marie Hagevik, Medvind24
Foto
Mikkel Meister
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker