Sjå TempomagasinaBilde
Frå første gongen Even Rødne kom inn dørene hos Vest Stål og Fasade som tenåring, har han vore bevisst på å gjera sitt aller beste. – Du må selja deg sjølv litt, seier han.

Platearbeidar med pågangsmot

Even Rødne (20) byrja på utplassering, fekk lærlingplass – og snart har han fast jobb i Vest Stål og Fasade. — Eg prøver å vera med på alt, for då blir det kjekkare, seier han.

Etter å ha tatt industriteknologi ved Ølen VGS, har Even Rødne (20) allereie planen klar. Etter at han har tatt fagbrevet i haust, byrjar lærlingen rett i fast jobb hjå Vest Stål og Fasade. Då vil Rødne ha dei same arbeidsoppgåvene, berre med vitnemålet som platearbeidar i handa.

Innan teknologi- og industrifag finst rundt 30 typar fagbrev å velja mellom, og Rødne er klar på at han har valt rett.

— Kvifor akkurat platearbeidar?

— Det verka kjekt og spennande, med mykje forskjellig, seier Rødne.

Tore André Helgevold (26) nikkar. Med sine seks års erfaring i bedrifta veit Helgevold kva han snakkar om. I tillegg til rolla som produksjonsleiar i Vest Stål og Fasade, er Helgevold fagleg leiar for platearbeidarar og sveisarar. Han har vegleia lærlingen Rødne sidan første utplassering på vidaregåande. Nå er Helgevold nøgd med å få han som kollega. Rødne utmerka seg allereie på utplassering.

— Even hadde utplassering her i to veker, og eg trengte nesten ikkje vegleia han. Han tok ting fort, eg forklarte ting berre éin gong

— og så gjorde han det. Han er sjølvgåande, seier Helgevold.

Om Rødne si faste tilsetjing frå august, seier Helgevold:

— Ikkje noko å lura på.

Men det byrja allereie før læretida. Utplassering kan vera den beste søknaden på vidare arbeidsforhold. Det var Rødne bevisst på då han entra produksjonshallen til Vest Stål og Fasade for første gong som tenåring.

— Du prøver å gjera ditt beste på utplassering. Du må selja deg sjølv litt, seier han.

Sjølv fekk Rødne eit godt inntrykk av stålbedrifta. Bedrifta har eit lærerikt miljø med tett oppfølging.

— Det er godt arbeidsmiljø med kjekke folk her. Spør du om noko, så får du svar. Eg har mange gode kollegaer her, seier Rødne.

«Her» er i produksjonslokala på Steinsland mellom Sandeid og Ølen. Talet på kollegaer varierer etter oppdragsmengd, nå er dei tolv fast tilsette. Å ta læretida i ei mindre bedrift, meiner Helgeland og Rødne er ein fordel. Du forsvinn ikkje i mengda, og får prøva deg på eit større mangfald teknikkar og oppgåver. Dermed får du mengdetrening i fleire sider av faget. Det inneber alt frå sveising, samanstilling og montering, til matematiske berekningar av areal, volum og vinklar.

Storleiken på bedrifta har også andre fordelar.

— Det er såpass lite folk her at du blir sett, seier Rødne.

For sett blir du i Vest Stål og Fasade, ikkje berre reint fagleg. Helgevold veit kva andre kvalitetar som er viktigast i ein slik jobb.

— Kva ser du etter i ein kandidat?

— Eg ser etter vilje, interesser. Det er eigentleg godt nok for meg. Dei kjem hit når dei er 17-18, og kan ikkje alt, men dersom interessa og pågangsmotet er der, har du gode byggjesteinar, forklarer Helgevold.

Det har Rødne – og det har gitt resultat.

— Kva er det viktigaste du har lært her?

— Eg har lært meg mykje om det å jobba sjølvstendig, seier han. Å ha godt arbeidsmot og gleda seg til å gå på jobb om morgonen, er viktig for Rødne.

— Eg prøver å vera med på alt, for då blir det kjekkare. Det er tungt å gå på jobb viss du ikkje vil, seier Rødne.

Han ser fram til å ha papiret i handa. Men han veit at ingen er utlærte.

— Sjølv om du har fagbrev, så er det ennå nye ting å læra.

Dersom interessa og pågangsmotet er der, har du gode byggjesteinar
Tore André Helgevold, produksjonsleiar i Vest Stål og Fasade
Tore André Helgevold er fagleg leiar for platearbeidarar og sveisarar i Vest Stål og Fasade.

Tidleg inkludering er avgjerande

Gode opplevingar på utplassering er viktig i valet av læreplass, seier dagleg leiar i Haugaland Opplæringskontor, Bjørn Johannessen.

— Dei fleste lærlingane får vera ein del av gjengen. Dei føler dei er del av produksjonen. Ingen seier dei skal på opplæring, dei skal på jobb. Bedrifta er suksessfaktoren.

Det seier dagleg leiar i Haugaland Opplæringskontor, Bjørn Johannessen, som koplar lærlingar og bedrifter på tvers av bransjar, kommunar og fylke. Johannessen har 25 års erfaring, og fortel om minimal strykprosent og jamt fungerande læretid i regionen.

Han meiner utplassering blir ein stadig viktigare del av det å bli kjend med faget og med arbeidslivet.

— Då er det viktig at bedriftene kjenner si besøkelsestid, seier Johannesen.

Gode opplevingar på utplassering er viktig i valet av læreplass. I praksis fungerer læretida veldig bra i regionen, meiner han.

— Mange i bedriftene er nærmast pedagogar som er flinke til å formidla fag. Lærlingane er motiverte, seier Johannessen.

Tore André Helgevold (t.v.) vegleiar lærling i platearbeid, Even Rødne.— Sjølvgåande, seier Helgevold om den unge platearbeidaren.

Dermed er Vest Stål og Fasade inne på rett spor, meiner Johannessen. Det er viktig å få realistiske oppgåver tidleg, slik stålbedrifta gir lærlingane sine. At elevar og lærlingar får opplæring utanom den tradisjonelle undervisningssituasjonen, blir stadig viktigare.

Ny opplæringslov, som nå er på høyring, legg opp til større fleksibilitet i utdanninga. Då blir det større moglegheiter for å ta fleire fagbrev og gjerne enklare å skifta kurs for dei som har behov for det, fortel Johannessen. Det er mogleg å ta heile utdanninga i bedrift, og dermed komma rett frå ungdomsskulen. Johannessen ser positivt på at vegen til fagbrev kan ta endå fleire retningar framover. Samstundes ser han ei utfordring.

— Fleksiblitet i teori-faga er også viktig, seier Johannessen.

Nå er det mogleg for yrkesfagelevar å ta einskildfag som norsk eller matematikk på vidaregåande. Men programfaga, dei praktiske faga, kan vera meir utfordrande – spesielt i små fag. Der ser Johannessen stort potensial via nettundervisning. Utviklinga går den vegen, trur Johannessen.

— Det er for eksempel mogleg å køyra teoretisk undervisning med VR-briller, og deretter praktiske prosjekt ute i bedrifta. Yrkesfag på vidaregåande jobbar jo på same måte med teori først, og så oppgåver i verkstad, seier Johannessen.

— I vår digitale verd kunne ein ha gitt nettbasert tilbod også her, meiner han.

Tekst
Hanna Maria van Zijp
Foto
Hanna Maria van Zijp
FAKTA

Even Rødne (20)

• Kjem frå Etne

• Lærling ved Vest Stål og Fasade

• Tok VG1 på TIP (teknologi- og industrifag) og VG2 i industriteknologi ved Ølen VGS

• Tar fagbrev i platearbeidarfaget i august

Vest Stål og Fasade

• Totalleverandør av stålkonstruksjonar og stålbygg

• 35 tilsette, derav 12 i produksjon

• 140 % vekst i omsetning dei siste tre åra

• Kåra til gasellebedrift i Dagens Næringsliv 2020, 2021 og 2022

• Byggjer for tida ut produksjonshallen på Steinsland mellom Ølen og Sandeid

Lærlingar i Vest Stål og Fasade

• Bedrifta har hatt lærlingar i fem år

• Lærlingar er rekrutteringskanal nummer éin

• Tre lærlingar startar i haust

• Vest Stål og Fasade er godkjent lærebedrift for platearbeidarfaget, sveisearbeidarfaget, byggmontasjefaget og yrkessjåførfaget

Les også:
Nav ikon
Alle saker