Sjå TempomagasinaBilde av Lærling Kristin Kesküla og sjukepleiar Bente Kristiansen
Lærling Kristin Kesküla og sjukepleiar Bente Kristiansen deler gjerne faglege erfaringar. Kristin skryt av oppfølginga ho har fått frå kollegaer i læretida som helsefagarbeidar i Etne kommune.

Mange moglegheiter i helsesektoren

Det er ikkje tilfeldig at Kristin Kesküla (20) valde helsefagarbeidar som yrkesveg. Ho har alltid drøymt om å jobbe med folk, og trur meir utplassering på ungdomsskulen kan auka interesse for faget.

Kesküla er snart i mål med den toårige læreperioden som helsefagarbeidar i Etne kommune. Til sommaren er ho klar for fagprøve, noko ho ser på med spenning.

— Eg gler meg meir enn eg gruar meg. Eg har fått så god hjelp og rettleiing her at eg føler meg trygg på oppgåvene. Sjølve prøven går over tre dagar, med teori, praksis og vurdering. Det kan bli nokre lange dagar, seier ho og ler.

Eg trur me må bli flinkare til å snakke om kor viktig jobben er, og ikkje minst få på plass fleire år med utplassering i arbeidslivet.
Kristin Kesküla

I løpet av halvanna år som lærling har ho vore innom dei fleste avdelingane på sjukeheimen, og hatt fleire gode mentorar med seg for å lære kva arbeidsdagen kan innehalde. I dag er ho ute på jobb med heimesjukepleia.

— Det er jo litt annleis, då kjem me heim til folk og får sjå korleis dei lever. Det likar eg godt, eg er glad i folk og vil gjerne jobbe med å hjelpe dei som treng det.

— Føler du at du spring litt etter stoppeklokka i ein hektisk kvardag?

— Nei, eigentleg ikkje. Du skal jo halde deg innafor tida du har fått utdelt. Men du må aldri vise til pasienten at du har det travelt, det er det aller viktigaste. Dei skal ikkje lure på om du har tid til dei, seier den reflekterte 20-åringen.

Familien hennar er
frå Estland, og for 11 år sidan flytta dei til Odda, der Kesküla har tatt helsefag på vidaregåande skule. I dag bur ho på hybel i Etne, noko ho trivst så godt med at ho ikkje vil avskrive jobb vidare i kommunen.

— Blir det aktuelt med jobb vidare er eg interessert i det. Seinare kan det godt hende eg vil vidareutdanne meg til vernepleier, men no vil eg jobbe nokre år først. Her har eg flotte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø der eg trivst godt. Om 10 år kan det hende eg er vernepleiar på eit sjukehus, eg likar at sjukehuset byr på så mange faglege utfordringar og at det går raskt der. Eg likar å ha det travelt.

— Men korleis kan ein få endå fleire til å velje helse-  og omsorgsfag?

— Eg trur me må bli flinkare til å snakke om kor viktig jobben er, og ikkje minst få på plass fleire år med utplassering i arbeidslivet. Ein kunne godt hatt utplassering kvart år på ungdomsskulen, då er ein betre rusta den dagen ein skal velje kva ein vil gjere vidare.

Helsesektoren skrik etter folk og kompetanse, heldigvis er det mange vegar inn i bransjen. Hilde Selland Winterthun jobbar som kommunalsjef helse og omsorg i Etne kommune.

Det har alltid vore ein deltidskultur i helse og omsorg, det er eit potensiale der som me kan utnytte meir.
Sigurd Gjerdevik

Ho meiner ein spesielt vil ha behov for kompetanse som helsesjukepleiar, fysioterapeut, vernepleiar, helsefagarbeidar, allmennlege og sjukepleiar dei neste åra. Også ho er oppteken av tidlege besøk på arbeidsplassane.

— Ein kan invitere inn ungdomsskuleelevar på praksis-besøk der helsefagarbeidarane arbeider. Helsefagarbeidarane kan og besøkja skulane for å fortelje om jobben sin. Eg trur i alle fall me må framsnakke yrket vårt og arbeidsplassen vår i større grad. Det har vore mykje negativt fokus i nasjonal presse dei siste åra spesielt med tanke på lønnsnivå, eller for lite kompetanse i eldreomsorga, for lite bemanning eller for mange oppgåver. Då er det ikkje mange som ynskjer å utdanne seg innafor helse og omsorg.

— For å rekruttere så trur eg at me må ha ein interessant arbeidsplass for våre tilsette der dei både får bidra med sin kompetanse, men og utvikle og vidareutdanne seg. Dei gode historiene om kvifor det både er verdifullt og utviklande å jobbe i helse-  og omsorgssektoren må kome fram.

— Er det fleire måtar ein kan få jobb i helsesektoren på?

— Det er mogleg å starte som assistent, for så å utdanne seg vidare som fagarbeidar eller på høgskule. Det er alltid nyttig å vere litt kreativ slik at ein kan bidra til aktivitet og fellesskap, seier Winterthun.

— Me har eit
veldig høgt behov for arbeidskraft framover, berre for å dekke inn «turnover», altså folk som går av naturleg med pensjon. Me treng både helsefagarbeidarar og sjukepleiarar framover, seier kommunalsjef helse og omsorg i Vindafjord kommune, Sigurd Gjerdevik.

Han viser til kompetanseløftet, som via kompetansemidlar frå statsforvaltaren bidrar med midlar til  etter og vidare-utdanning på alle nivå. Gjerdevik er oppteken av å oppfordre dei tilsette til å søkje om etterutdanning og kunne tilby gode ordningar slik at folk kan kombinere jobb, familieliv og studiar.

— Det må harmonere med det me klarer å tilby og kva folk søkjer på av studiar. Desentraliserte studiar er veldig interessant. Det gjer det absolutt enklare for dei som må få kvardagen til å gå opp.

Gjerdevik viser og til andre tiltak for rekruttering, som prosjektet «Menn i helse». Arbeidssøkjande menn i alderen 20 til 55 som er registrert i NAV kan søkje om å bli helserekrutt, både Vindafjord og Etne kommune er med i ordninga.

— Dette er eit flott tilbod, der me har hatt nokre kandidatar i vår kommune og. Det er eit supplement til hovudtyngda av fagarbeidarane, som kjem frå vidaregåande skule.

Kristin er oppteken av å gjere ein så god jobb som mogleg og meiner det er viktig at pasienten alltid føler seg i sentrum. I framtida kan ho godt tenkje seg å bli vernepleiar.



Behovet for fleire
hender i helse og omsorg er altså veksande, og Gjerdevik ser på rekruttering som ei av dei største utfordringane framover. I tillegg blir det viktig å auke stillingane til dei som allereie jobbar i kommunen, og som ynskjer å jobbe meir.

— Det har alltid vore ein deltidskultur i helse og omsorg, det er eit potensiale der som me kan utnytte meir. Mange av dei unge som startar no ynskjer full jobb og høgare stillingar enn mange ynskte før. Ein del av deltida er frivillig, og gjerne kulturelt betinga. Det har ofte vore kvinnene som har tatt meir av jobben heime, det er og flest kvinner i denne sektoren.

— Me må lyse ut stillingar i 80–100 prosent, me vil jo absolutt ikkje miste dei som sjølve ynskjer å jobbe i 80 prosent. Det viktigaste er at stillingane me kan tilby er attraktive og ikkje blir for små til å leve av. Det er sjølvsagt mykje anna som og er viktig, ein skal trivast på arbeidsplassen, det skal vere gode ordningar og arbeidsoppgåvene må opplevast som overkomelege, seier Gjerdevik. Han viser til at mange til dømes held fram med langvakter, også etter koronatida der dette vart meir som normalen.

— Det er jo positivt, sjølv om det er logistikk knytt til det også. I tillegg må arbeidsplassen då ha fasilitetar som passar, ein må kunne kvile ein stad i løpet av vakta.

Gjerdevik er også oppteken av å ta inn lærlingar for å gi dei gode læreplassar, men ser også at søknadstala på dei aktuelle linjene i lokalsamfunnet går nedover.

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar
Foto
Astrid Eidhammer Hjelmeland
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker