Det er først ute i jobb ein ser korleis ting faktisk blir gjort
Mari Klokkerstuen Kjellesvik

Logistikk og supply management er viktigare enn nokon gong, ikkje minst sidan verda stadig blir meir globalisert og kompleks, seier Mari Klokkerstuen Kjellesvik (24). Logistikkstudenten er no godt i gang med sin trainee-periode i Arriva Shipping.

Skal skape flyt i bedrifta

Skal skape flyt i bedrifta

Logistikk og supply management er viktigare enn nokon gong, ikkje minst sidan verda stadig blir meir globalisert og kompleks, seier Mari Klokkerstuen Kjellesvik (24). Logistikkstudenten er no godt i gang med sin trainee-periode i Arriva Shipping.

Mari Klokkerstuen Kjellesvik kjem frå Etne, ho studerer no til master i logistikk og supply chain management i Århus i Danmark. Internshipet i Arriva Shipping utgjer 15 studiepoeng og er ein del av utdanninga hennar. Som bakgrunn har ho språkfag frå Universitetet i Bergen og ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå Høgskolen i Bergen.

– Eg ser jo at eg har nytte av utdanninga mi her, men likevel er overgangen til arbeidslivet stor. Eg kan ikkje lese meg opp til denne jobben, eg må lære undervegs, det er først ute i jobb ein ser korleis ting faktisk blir gjort, fortel Mari og legg vekt på at logistikk og supply chain management i det store og heile handlar om å skape flyt på arbeidsplassen, alt heng saman med alt, og det er mange detaljar som skal passe inn i kvardagen.

Tre månadar skal ho vere trainee i Arriva Shipping. Her skal ho ta del i alle prosessar, frå planlegging til analysearbeid og sjå korleis det praktiske logistikkarbeidet blir utført.

– Perioden skal resultere i ei oppgåve der eg ser på kor mange skip bedrifta bør eige, og kor mange dei bør leige. Det er ei stor oppgåve, og mange faktorar som speler inn, så det blir spanande, fortel Mari.

No i byrjinga handlar mykje om å få oversikt over kundar og korleis selskapet arbeider, både nasjonalt og internasjonalt. Arriva Shipping eige seks frakteskip i reiarlaget, i tillegg leiger dei inn åtte frakteskip. Fram til 2013 heitte selskapet Sandfrakt, i dag fraktar dei mykje meir enn sand, både tømmer og industrivarer som kol og gips er store import- og eksportvarer. Arriva Shipping har om lag 130 tilsette. Tidlegare i år kom også nyhenda om at dei har bestilt eit nytt skip som skal byggjast i Kina med levering første eller andre kvartal 2021. Dagleg leiar Sindre Matre meiner trainee-perioden er nyttig både for bedrifta og for Mari.

– Då Mari kontakta oss om dette, syns eg det høyrdes kjempespanande ut. Me hadde nokre samtalar og fann ut at dette må me prøve å få til. Det er jo også ei interessant problemstilling ho tar opp i oppgåva si, slår Sindre Matre fast.

– Dei siste åra har me opplevd ein vekst, sjølv om talet på frakteskip me eig er vorten færre dei siste åra, blant anna på grunn av auka bruk av innleigd tonnasje. Dermed skal det bli ekstra spanande å sjå kva Mari finn ut, om kor balansepunktet finst og kor mykje det eigentleg er å spare på dette, seier Matre og viser til at færre skip også gir ei lettare og meir oversiktleg drift.

– Ikkje minst slepp ein unna vedlikehald, reparasjonar og andre finanskostnadar på skipet, så det er eit interessant reknestykke.

Trainee-perioden til Mari skal avsluttast med ei oppgåve der ho kartlegg kor mange skip Arriva skal eige, og kor mange dei skal leige. Her er ho saman med Odd Tore Sønstabø og dagleg leiar Sindre Matre.

– Det er spanande å få prøve arbeidslivet, ein kan sitje så lenge ein vil på skulebenken og lære seg verktøya ein treng, men det er her, ute i arbeidskvardagen ein får prøve det ut. Økonomiutdanninga er også god å ha med seg, ikkje minst når ein skal gå gjennom avtalar og kontraktar for å sjå om alt er som det skal vere. Det handlar mykje om kostnadar og analysar der ein må brekke ned tala og forstå dei, fortel Mari.

Shipping og internasjonalt farvatn har alltid interessert 24-åringen, som etter at utdanninga er ferdig håpar å få ein jobb heime på Vestlandet, og aller helst i nærleiken av heimstaden Etne. Vestlendingen er sterk i henne, samstundes som ho håpar å kunne jobbe med internasjonalt perspektiv.

– Eg har alltid vore interessert i shipping, eg likar det puslespelet som utspinn seg her, alle risikofaktorane ein må ta omsyn til. Her er det ingenting som er A4 eller rett fram, det fascinerer meg. Mari fortel at det også i denne bransjen er auka fokus på kostnadseffektivitet, ting må gå fortare og koste mindre.

– Det er klart det også her i framtida kan vere aktuelt at våre oppgåver også blir digitaliserte. Men enn så lenge trur eg det trengs folk for å ta avgjerslene, ein må sjå dei store linjene og samanhengande, då må ein også forstå dei menneskelege ressursane til dømes. Forsyningskjeden skal vere kostnadseffektiv, men også stabil. Ho understrekar at ein må få dei varene ein treng til den tid ein skal og den kvalitet ein treng. Marginane er små, og det er viktig å kunne avdekke dei flaskehalsane som får ting til å stoppe opp, og der dei store kostnadsdrivarane ligg.

– I dag kan du ha leverandørane dine i Kina, fabrikken i Polen og kundane i Noreg. Det handlar om å skape flyt i bedrifta og god oversikt over alt som går inn og ut, seier Mari.

Sindre Matre er klar på at å ha ein trainee kan vere spanande som rekrutteringstiltak, også ved seinare høve. Han meiner bedrifta treng folk med rett kompetanse i åra som kjem, og er overbevist om at ei av dei enklaste gruppene å rekruttere er dei som allereie har band til regionen, og som ynskjer å busetje seg her. Mari er truleg midt i denne målgruppa, ho leverer masteroppgåva 1. juni, ei oppgåve ho i løpet av sommaren skal forsvare. Til hausten er ho klar for nye oppgåver, då i arbeidslivet. Med eit utvekslingsår i Tyskland, og no studiar i Danmark i bagasjen vitnar det om ei sterk glede av å kunne vere ein del av det internasjonale samfunnet. Samstundes er ho aktiv Ap-politikar, og ynskjer å kunne engasjere seg i den nasjonale og lokale samfunnsdebatten.

– Verda blir stadig meir globalisert, avstandane mellom oss blir kortare, og verdsbiletet meir komplekst. Då blir også logistikk og supply chain management som fag viktigare, det har aldri vore fleire studentar som fordjupar seg i logistikk enn no, det fortel ein del, meiner Mari.

Ho vedgår gjerne at ho ofte er den i vennegjengen som organiserer hytteturar og handlar inn.

– Eg likar system, lister og å fikse ting, det er heilt sant. Det heng nok saman alt dette, seier ho og ler.

Les heile Tempo utgåva

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar, Omega Design
Foto
Svein Egil Økland

Sjå også desse sakene