Det var rett på pc og telefon i hytta mellom sankeøktene - 4G kom svært godt med.
Kari Aakra

Kari Aakra (35) trivst best når det kokar rundt henne. Skal ho slappe av bakar ho kanelbollar, gjerne mange i slengen.

Kari i vinden

Kari i vinden

Kari Aakra (35) trivst best når det kokar rundt henne. Skal ho slappe av bakar ho kanelbollar, gjerne mange i slengen.

I følgje ein presentasjon hjå den tidlegare arbeidsgivaren Medvind24 produserer faktisk Kari om lag 750 kanelbollar i året. Noko som både familie, venner og kollegar kan gle seg over, det går nemleg gjetord om gjærbaksten til Kari.  

– Det er min yoga det, å bake. Då roar eg det heilt ned, og ein god deig kan vere like god terapi som ei boksepute, slår Kari fast medan ho sit med kjøkkenbordet. I bakgrunnen durar den urbane lyden av kaffemaskina, på bordet blir det servert heimelaga scones, spekemat og eggesalat. På veggen heng klokka med det passande sitatet: «Whatever, I`m late anyway». Ute i gangen står skohylla, som gir ein liten smakebit av kva som finst i heimen, her ligg også eit par knallraude finsko tilfeldig plassert ved sida av svarte arbeidsklogger, det er to kvardagar som treffest. 63 par med høge hælar kan Kari slå fast at ho eig, i tillegg til 10-15 andre par sko. Ho kjenner igjen ein lidenskap når ho ser han, og veit at skodilla er hennar greie, men no har ho kjøpestopp.

– Den sprakk her ein dag, det skal seiast, men kanskje eg klarer det frå i dag? I valkampen reiste eg rundt med ein koffert med klede og ein berepose med sko, slik er det berre.

Frå den kvitmalte slagbenken ved kjøkkenbordet har ho utsikt utover dei grøne ekrene, og ikkje minst gravemaskina som plassert midt i tunet og som har lagt grunnlaget for det nye grisefjøset som er under bygging. Kari er fylkessekretær i Hordaland Sp, men ho er og så mykje meir. Meir om alt dette seinare, nett no, her rundt kjøkkenbordet er det nemleg lite matro, telefonen ringer i eitt sett.  

Kari er i vinden som aldri før, no er det ein lokal partileiar som treng råd. Kari meiner noko om kven som bør bringe saka på banen, ho gir råd om kva veg leiaren bør ta og ynskjer lukke til. I sommar, rett før valkampen slutta ho som redaktør i næringsportalen Medvind24 for å ta over jobben som fylkessekretær i Hordaland Sp. Ein jobb ein som regel ynskjer å få tid til å vekse seg inn i, Kari derimot gjekk rett frå læretid til eksamen på snaue to månadar.

– Læringskurva har vore bratt, men eg må jo få skryte av alle dei kunnskapsrike og dyktige menneska eg har med meg i fylkeslaget og i alle lokallaga. Eg byrjar å bli godt kjent rundt om kring. Slik sett er det jo glimrande å byrje midt i valkampen, det er jo det kjekkaste ein kan arbeide med i denne jobben. Ho fortel levande om å turnere mellom vestlandsbyane, om å stå på stand og møte alle former av veljarar, og om dei nye og grøne jakkene der det står Vestland Sp på armen. Ein epoke er snart over, og det er tid for nye rammer.

– Eg trur det kan bli bra, eg var jo i grunn skeptisk til regionreforma, men ein kan vel seie at eg har kome på lag etter kvart. Som etnebu, der me har ein fot i Rogaland, skulle eg nok gjerne også sett at Rogaland vart med inn i det nye fylket når det først blei samanslåing, seier Kari og ser tankefullt ut i lufta. Mange gonger er det bra å endre meining etter som tida går, og nye vegkryss dukkar opp.

Valnatta var ho i Bergen saman med fylkesleiinga i partiet, då dei historisk gode tala var klare blei ho med rett inn nattlege samtalar og forhandlingar. Som sekretær følgde ho med frå sidelinja, ei utruleg lærerik oppleving. På morgonkvisten rusla dei heim, trøtte, men likevel nøgde. Forhandlingane haldt fram utover veka.  Sjølv har ho også fått plass i kommunestyret i Etne, dermed skal ho jobbe både lokalt og tett, samstundes som ho skal sitja tett på prosessane på regionalt nivå. Ho takkar sjeldan nei, i grunn er ho dårleg på det. Somme gonger kan det bli for mange oppgåver og for få timar i døgeret, også for Kari. Ho påstår ho har søndagar der ho berre søv, og berre det. Likevel, frå utsida kan det vere vanskeleg å forstå.

– Eg blir jo trøtt somme gonger eg og, og eg tar ferie. Men eg blir meir sliten av å vite at det hopar seg opp med e-post eg ikkje har lese, då er det betre å svare gjennom ferien. Då finn eg lettare roen, seier ho som har ein arbeidskapasitet dei aller fleste berre kan drøyme om.

I tillegg til jobben på partikontoret i Bergen er ho tekstforfattar for det lokale revylaget i Etne, her skriv ho tekstar for scena, og gler seg over dei som står der og innfrir under rampelyset, sjølv meiner ho at ho er for bunden til å slå seg laus på scena. Kari er også stadig brukt som toastmaster, bokbadar og debattleiar, i tillegg til den allereie nemde rolla som bonde. Foreldra hennar har kvar sin gard dei tok med seg inn i ekteskapet, av Kari og hennar tre søsken er det no ho og broren Sjur som driv gardane vidare. Medan ho driv farsida sin gard på Ljusnes i Stordalen, har Sjur satsa på heimegarden til mora i Etne. I 2008 flytta ho heim igjen til Etne, og budde i ei leilegheit i sentrum. Då kom tanken om at skulle ho først bu her i bygda skulle ho no iallfall ha eige tun. I dag har ho pussa opp våningshuset og faren har flytta inn i leilegheita på løa, der Kari først budde.

– Eg bur her, og eg trivst med gardsarbeidet, men du kan ikkje kalle meg bonden her. Eg har verdas beste drengar, rådgjevarar og sparringpartnarar i far min og bror min, som begge er drivne gardbrukarar. Eg er med når eg kan, men eg hadde aldri klart å drive her åleine, slår ho fast medan faren Einride kjem køyrande ned i tunet med siloballar på hengaren. Rett etter kjem broren Sjur køyrande med traktor. Familien arbeidar godt saman, og søskena deler på det meste av maskinar og arbeidsinnsats.

– Det er mat på kjøkkenet, de må berre ete, ropar Kari til faren. Eg kan iallfall brukast til å lage mat, seier ho og ler godt medan ho finn fram ein Kiwi-pose med kraftfor og set kursen mot sauene som er komne heim frå heia. I god Senterpartiånd la ho sauesamlinga strategisk til berre nokre dagar før kommunevalet slo til med styrke.

– Det var rett på pc og telefon i hytta mellom sankeøktene - 4G kom svært godt med. Det vart ei god opplading til sjølve valdagen.

I dag har ho 120 vinterfora sauer på garden, i tillegg til 100 slaktegris. Grisen kjøper ho frå broren Sjur og no satsar ho på å bygge nytt grisefjøs. Ho bygger for framtida, og set lettare løysingar høgt i kurs, ho veit så altfor godt at den riggen ho har til å hjelpe henne no ikkje vil vare evig. Kari set dyra og dyrevelferda høgt.

– Eg brenn for dyra, så kan dei andre ta seg av maskiner og jord, seier ho og ropar på sauene som lett lar seg freiste av lokkeorda og ristinga frå Kiwi-posen. Dei samlar seg rundt henne og legg ikkje skjul på at matmor står høgt i kurs.

Kjøkkenbordet er dekka og kaffelukta breier seg i huset. Når ho har tid kosar Kari seg med husarbeid.

Det var ikkje sjølvsagt at Kari skulle bli journalist. Men menneskehistorier gjennom tidene har alltid interessert henne, alle har ei historie, og mange har ei historie som fortener å bli fortalt. Etter studiar i religionsvitskap, språk og politikk tenkte Kari plutseleg ein dag: «nei, dette går ikkje, eg kjem til å utdanne meg til arbeidsløyse». Då gjekk vegen til Stavanger, og bachelorgraden i journalistikk. Det var handfast og noko ein kunne tru på for eit framtidig arbeidsliv. Etter jobb som journalist i Grannar og kommunikasjonsrådgjevar i Omega vart det jobb som redaktør for Medvind24. Kari fekk jobben med å utvikle næringsnettstaden for lokalt næringsliv i Vindafjord, ei redaksjonell satsing som er styrt av næringshagen Medvind24 og som har hausta økonomisk støtte frå VAF.

– Det vart eit barn for meg, der eg fekk byggja opp noko frå scratch saman med eit team med utruleg dyktige folk.  Eg er veldig glad for åra eg jobba i både Omega og Medvind24, det er eit næringsliv med høg puls og mange gode historier. Eg er glad eg fekk vere med å bygge dette opp, men det er eit tid for alt. Og no var tida komen for å sleppe andre krefter til der, og for å prøve noko nytt.

I tida etter at Medvind-jobben var over har dei rosande orda hagla over Etne-kvinna. Effektiv, ryddig, målretta og dedikert er berre nokre av dei. Sjølv er ho lite glad i å stå i sentrum, ho kan gjerne stille opp i ulike samanhengar, men å snakke om eigen person og vinning, det får andre ta seg av. Ho likar - seg aller best i kulissane. I det heile ligg det og ei lita redsel for å bli ein av dei som «er over alt».

– Ja, det tenkjer eg ofte på. At ikkje folk skal lese lokalavisa og tenkje «der er ho der igjen». Det ligg djupt i meg, samstundes er det jo så kjekt å kunne engasjere seg.

Noko av det viktigaste ho tar med ut i vidare arbeidsliv er språket.

– Eg får jo bruke kommunikasjonsbakgrunnen min der eg eg no også. Det handlar om å formidle politisk bodskap og historier frå samfunnet rundt. Men det skal vere sagt, politikken er mindre litterær i sine grep.

– Det er ikkje til å kome frå, det er eit anna språk ein brukar her, slår Kari fast. På skulen likte ho ikkje faga der ein kunne setje to strekar under svaret, sjølv i dag meiner ho at ho vil slite med å rekne ut eit reknestykke med brøk. Språk, historie og samfunnskunnskap derimot, det engasjerte og sette djupe spor i oppveksten.

– Språket er jo alt, me kommuniserer gjennom heile livet.

Ho likar godt å reise, men har innsett at skal ho arrangere jenteturane blir det truleg ikkje noko av før neste kommunestyreperiode, ho ser sine avgrensingar og lar andre booke både reise og overnatting. Sosiale treff blir det generelt for få av, og venner er noko av det ho gjerne skulle dyrka meir.

– Og så veit eg jo at dette livet eg lever no, hadde nok ikkje vore så lett å få til å gå i hop med eit familieliv.  Eg er jo fri til å gjere nett det eg vil, seier ho og lar temaet om framtidige kjærleiksprosjekt henge i lufta.  

I stova ligg husets to kongar, kattane Hansen og Jensen ligg og kviler i  kvar si sofapute, og berre lettar på augnelokka av at matmor har besøk. Dyregleda stoppar ikkje i fjøset, den kjem tydeleg til sin rett også her, midt i sofaen.

– Det blir fortalt at du og har starta på Vinterlandbruksskulen?

– Ja, det der må me kanskje ikkje skrive så mykje om, seier Kari og legg hovudet på skakke medan ho ler godt.

Eg har vel allereie toppa statistikken på fråvær, så veit ikkje om eg klarer å gjennomføre midt opp i alt anna. Men når Vinterlandbruksskulen først dukka opp i Ølen tenkte eg at eg måtte kaste meg på, den sjansen kjem ikkje igjen med det første.

– Og eg må jo ruste meg for ei tid her på garden der eg står meir åleine, for det er her eg vil bu. Resten av livet.

Les heile Tempo utgåva

Tekst
Judith Sørhus Litlehamar, Omega Design
Foto
Elin Sørheim

Sjå også desse sakene